Hopp til innhold

Student tilstod bestialske drap

Stephen Griffiths (40), som har gitt seg sjølv kallenamnet «armbrøstkannibalen», tilstod i retten i dag drapa på tre prostituerte kvinner i den engelske byen Bradford.

Dette biletet la Stephen Griffiths ut av seg sjølv på Internett.

Dette er eit bilete Stephen Griffiths la ut av seg sjølv på Internett.

Foto: STR / Reuters

Rettssaka mot Griffiths opna i Leeds Crown Courti dag. Rettssalen var fullpakka av menneske som ville følgje saka mot Griffiths, som har fått folk i Yorkshire til å

Politiet leitte etter dei drepne kvinnene blant anna i elva Aire.

Politiet søkte etter dei drepne kvinnene blant anna i elva Aire i det vestlege Yorkshire.

Foto: ANDREW YATES / Afp

tenkje tilbake på den såkalla «Yorkshire Ripper», Peter Sutcliffe, som tok livet av 13 prostituerte på 1970- og 1980-talet.

Tilrekneleg

Dommaren gjorde det klart då saka starta at det ikkje er tvil om at han er mentalt frisk nok til å blli halden ansvarleg for gjerningane sine, altså strafferettsleg tilrekneleg. På spørsmål frå dommaren om han var skuldig i tiltalen, svarte han skuldig med forsiktig røyst, melder BBC .

Stephen Griffiths har studert psykologi og kriminologi ved universitetet i Bradford. Han heldt på med ei oppgåve om drap i Yorkshire 19. århundret då han vart pågripen i mai.

Politiet etterforskar om han kan vere skuldig i tre uløyste drap i området, slik han har ymta frampå om i eit avhøyr.

LES OGSÅ: BBC

Kannibal

Griffiths vart pågripen i husværet sitt like i nærleiken til prostitusjonsområdet i Bradford i mai i år. Ikkje stadfesta meldingar fortel at han prøvde å ta livet sitt i fengselscella i juni.

Det har kome fram grufulle detaljar i avhøyra av mannen. Han har fortalt at han tok livet av ei av kvinnene ved å skyte henne med ein armbrøst då ho prøvde å flykte frå han. Han har også fortalt at han har ete delar frå alle dei tre drapsoffera, melder nyheitsbyrået Reuters.

Dei tre prostituerte kvinne vart drepne mellom mai i fjor og mai i år.

SISTE NYTT

Siste nytt