NRK Meny
Normal

Strenge restriksjonar på bilar i Singapore

For å få færre bilar på vegane, skal Singapore innføre restriksjonar mot fleire bilar på dei allereie overbelasta vegane i landet. I Noreg seier MDG nei til tiltaket.

SINGAPORE-TRANSPORT

Styresmaktene i Singapore forbyr nye bilar på vegane fram til 2020. Nye sjåførar må difor vente på at gamle køyreløyve blir levert inn.

Foto: ROSLAN RAHMAN / AFP

Singapore er allereie eit svært dyrt land å eige bil, skriv CNN. Sjåførar må ha eit eige køyresetel frå styresmaktene, som kan koste opp mot nesten 300.000 kroner, før dei kan køyre. Dette varer i ti år. Då går sertifikatet ut på auksjon for ti nye år.

I tillegg frå bilar kraftige prisaukar på grunn av ulike skattar og toll.

No blir det også restriksjonar på nye bilar, for å få ned trafikken på dei tungt trafikkerte vegane i landet. Frå og med februar må nye bileigarar vente til nokon ikkje fornyar køyreløyvet, før dei kan få sertifikatet.

Vil ha folk over på kollektivtrafikk

Styresmaktene seier bakgrunnen for avgjerda er overbelasta vegar og mangel på plass. Singapore er om lag halvannan gong så stort som Oslo, men har nesten ni gongar så mange innbyggarar. Vegane utgjer om lag 12 prosent av landarealet i landet, skriv Fortune.

Folketalet i Singapore har auka med rundt 40 prosent sidan 2000.

Målet er å få fleire ut av bilane og over på kollektivtrafikk. Dei har planar om å bruke over 168 milliardar kroner på å bygge og oppgradere jernbaner og bussruter dei neste fem åra.

Singapore hadde rundt 600.000 private køyretøy på vegane i fjor. Men restriksjonane som no blir innført er ikkje permanente. Styresmaktene seier dei skal evaluere avgjerda i 2020.

– Ikkje aktuelt for MDG

MDGs nasjonale talsperson og stortingsrepresentant, Une Bastholm, synest ikkje Singapores løysing er noko ein burde sjå på i Noreg.

– Det er heilt uaktuelt å skulle stanse nye kjøp av bilar, slik Singapore gjer for å avgrense trafikk-kaos og forureining. Personbilen er viktig for folks mobilitet i store delar av Noreg, og MDG vil tvert imot stimulere til ein raskare overgang til utsleppsfrie bilar og utbygging av ladestasjonar i heile landet, skriv Bastholm i ein epost til NRK.

Ho påpeiker at MDG ønskjer at det skal vere lett å velje miljøvennleg.

– Det bør alltid vere billegare og enklare å velje ein utsleppsfri bil. I byane vil MDG samtidig prioritere pengane på sykkel, gonge og kollektivtilbod framfor breiare vegar fordi det er betre for miljøet, bylufta, byutviklinga, samfunnsøkonomien og folkehelsa, seier Bastholm.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt