NRK Meny
Normal

Strauss-Kahn møter kvinne som har skulda han for valdtektsforsøk

Den tidlegare IMF-sjefen Dominique Strauss-Kahn skal møta ei fransk kvinne som melde han til politiet for valdtekstforsøk andlet til andlet.

Tristane Banon

Den franske forfattaren Tristane Banon har meldt den franske toppolitikaren og tidlegare IMF-sjefen Dominique Strauss-Kahn til politiet for valdtektsforsøk. No ønskjer ho å treffa han igjen.

Foto: JOEL SAGET / Afp

Dominique Strauss-Kahn forlater sitt hjem i Tribeca

Dominique Strauss-Kahn fekk nyleg reisa heim til Frankrike etter at påtalemakta i New York droppa valdtektsskuldingane mot han. I heimlandet ventar konfrontasjonar med ei anna kvinne som har politimeldt 62-åringen for valdtektsforsøk.

Foto: AP Photo/Mary Altaffer

Den franske forfattaren og journalisten Tristane Banon (32) har forklart at politikaren Strauss-Kahn (62) stengde henne inne i ein tom bustad i Paris i 2003 og prøvde å valdta henne under eit intervju til eit nytt bokprosjekt.

Til den franske radiostasjonen RTL seier Banon at ho gjerne møter Strauss-Kahn med påtalemakta til stades, slik at dei kan testa påstandane mot kvarandre.

– Sjå meg inn i augo

– Sjølvsagt seier eg ja til ein slik konfrontasjon. Eg vil at han skal sjå meg inn i augo og fortelja meg at dette berre er noko eg innbiller meg. Eg vil gjerne sjå han seia det, uttalar Banon.

Den sosialistiske politikaren har erkjent at han prøvde seg på kvinna, men avviser at han oppførte seg valdeleg. I sommar melde Strauss-Kahn Banon til politiet for ærekrenking.

Den franske påtalemakta ønskjer å skipa til eit møte mellom dei to, og har spurt begge partar om dei er villige til å stilla opp.

Fredag seier også forsvararane til Strauss-Kahn at deira klient er villig til å treffa kvinna som melde han til politiet.

Varsla politiet etter arrestasjonen

Etterforskinga av saka er no i sluttfasen. Det er uvisst kva tid aktoratet vil ta stilling til om dei skal oppretta ei politisak mot Strauss-Kahn.

Banon opplyste først om valdtektsforsøket under eit fjernsynsshow i 2007, men gjekk ikkje til politiet med saka før i år, etter at den dåverande IMF-sjefen vart arrestert i New York den 14.mai.

Strauss-Kahn vart pågripen, mistenkt for valdtekt av kvinna Nafissatou Diallo, som arbeidde på hotellet han budde på i New York.

Påtalemakta la vekk saka mot franskmannen, sølv om den slo fast at det var eit seksuelt møte mellom dei to på hotellrommet som truleg ikkje var frivillig. Årsaka var at aktoratet meiner Diallo hadde fare med løgner på fleire punkt, og at truverda hennar difor var svekt.

I etterkant har Strauss-Kahn sjølv sagt at møtet med kvinna i New York var upassande, men ikkje valdtekt.

Video 688a50ad-6e76-4265-8e42-1ce5cca95f65.jpg

I Frankrike mener mange at Dominique Strauss-Kahn er det egentlige offeret i overgrepssaken som rulles opp i New York.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt