NRK Meny
Normal

Strauss-Kahn må bli i fengsel

Aktor i rettssaka mot den den overgrepssikta IMF-sjefen Dominique Strauss-Kahn fekk medhald av dommaren i Manhattan Criminal Court i kravet om fengsling. Det blir nytt rettsmøte 20. mai.

Dominique Strauss-Kahn under rettsmøtet 16. mai.

Ein alvorstung Dominique Strauss-Kahn i rettssalen i dag.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Den franske politikaren og økonomien, som var venta å bli Sosialistpartiet sin presidentkandidat ved valet neste år, er skulda for seksuelle overgrep mot ein kvinneleg tilsett på hotellet han budde på i New York sist helg.

Den sju punkt lange tiltalen mot IMF-sjefen har ei øvste strafferamme på 74 år og tre månader, går det fram av rettsdokumenta.

Bad om kausjon

Eit forsiktig smil frå Dominique Strauss-Kahn då han kom inn i rettssalen.

Eit forsiktig smil frå Dominique Strauss-Kahn då han kom inn i rettssalen.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Forsvararen William Taylor bad om at klienten hans vart sett fri mot ein kausjon på ein million dollar, rundt 5,5 millionar kroner, men dommar Melissa Jackson avviste dette. Ho støtta aktoratet i at det var ein risiko for at han kan flykte frå USA.

Eit nytt rettsmøte i saka er beramma fredag 20. mai.

Taylor seier i ein kommentar til dommaravgjerda at Strauss-Kahn er skuffa, men at han på ingen måte ser på slaget som tapt.

- Kampen har nettopp starta, sa han ifølgje forsvararen.

Aktor sa at Strauss-Kahn kan ha gjort seg skuldig i minst eit liknande forhold tidlegare, og at dei undersøkjer også denne saka. Han åtvara om at IMF-sjefen, om han blir sett fri, kan flykte til Frankrike. Og då kan det blir problematisk å få han tilbake hit, sa aktor blant anna.

Frå rettssalen i saka mot Dominique Strauss-Kahn

Frå rettssalen i Manhattan Criminal Court. Dommar Melissa Jackson til høgre.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Lunsjavtale

Forsvarar William Taylor sa i retten at personen Strauss-Kahn åt lunsj saman med, kan stadfeste at han ikkje flykta frå hotellet. Han fortel at klienten hans forlet hotellet for å rekke lunsjavtalen.

Taylor sa også at klienten hans samarbeider fullt ut med etterforskarane.

Strauss-Kahn meiner å å kunne bevise at han var på restaurant saman med dottera si då overgrepet skulle ha skjedd. Han vil truleg be om å bli sett fri mot kausjon.

Det var fleire hundre journalistar og fotografar samla utanfor rettslokalet då IMF-sjefen vart ført dit av politiet.

Enormt presseoppbod utanfor Manhattan Criminal Court

Journalistane ventar i regnet utanfor Manhattan Criminal Court.

Foto: Anders Tvegård / NRK

IMF-sjef i handjern

Strauss-Kahn var i handjern då han vart ført inn i rettssalen. Advokaten hans, William Taylor, sa før møtet at klienten hans er trøytt, men elles i fin form. Han er viljug til å gjennomgå alle naudsynte testar, seier advokaten.

Den franske radiostasjonen RMC melder at advokatane har spora alt Strauss-Kahn gjorde sist laurdag. Dei seier at han reiste frå hotellet i 12-tida etter å ha betalt rekninga og levert frå seg nøkkelen.

Deretter åt han lunsj saman med dottera før han tok ein drosje til flyplassen, blir det opplyst.

Folksamt utanfor Manhattan Criminal Clurt

Fleire hundre menneske, blant anna svært mange journalistar, ventar utanfor Manhattan Criminal Court.

Foto: EBU

LES OGSÅ: Strauss-Kahn anklages for flere overgrep

LES OGSÅ: Kona tror ikke på sex-beskyldningene

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt