Hopp til innhold

Strauss-Kahn er ute av fengselet

Dominique Strauss-Kahn vart klokka 22 norsk tid flytta frå fengselsøya Riker Island til eit husvære på den nedre delen av Manhattan.

Tidlegare IMF-sjef Dominique Strauss-Kahn

Meir trøbbel for Dominique Strauss-Kahn.

Foto: RICHARD DREW / Afp

Eit privat tryggingsselskap, som har sterke band til aktoratet i saka, tok over ansvaret for Strauss-Kahn.

Det er uklart kva husvære han no er flytta til, og det er også uvisst om det er forsvararane til Strauss-Kahn som har skaffa det, eller om det er domstolen.

Den nedre delen av Manhattan er klart mindre fasjonabelt enn den øvre delen, der han eigentleg hadde tenkt å bu.

Det var ein klar føresetnad frå retten at den tidlegare IMF-sjefen måtte ha ein stad å bu, dersom han skulle setjast fri mot kausjon.

Kona hans hadde kasta augene på eit husvære i den fasjonable Bristol Plaza-bygningen på 65. gate East på Manhattan.

– Uønskt i bygningen

Bristol Plaza-bygningen i New York.

Det var her i Bristol Plaza-bygningen Dominique Strauss-Kahn hadde tenkt å opphalde seg fram mot rettssaka.

Foto: NICHOLAS KAMM / Afp

Tabloidavisa New York Post melde at ein høgprofilert person eller personar som bur i bygningen, hadde sterkt motsett seg at den overgrepstiltalte franske økonomen og politikaren skulle bu der.

Og dermed var dørene stengde for den overgrepstiltalte toppolitikaren.

Då adressa for den første bygningen lak ut til media, vart bygningen omringa av kamera og pressefolk. Det vart difor vurdert at Strass-Kahn skulle flytte inn ein plass med hemmeleg adresse.

Tryggingsselskapet som skal passe på den franske politikaren, treng frå no av ikkje å opplyse politiet om kvar dei er til ei kvar tid, seier ei kjelde i rettsvesenet.

I går gjekk ein domstol på Manhattan med på å setje Strauss-Kahn fri mot ein kausjon på ein million dollar, og økonomiske garantiar på fem millionar dollar.

Han blir også elektronisk overvaka via ei fotlenke, og han må betale for væpna vakthald 24 timar i døgnet.

Media omringa huset der Strauss-Kahn skulle ha budd

Media omringa huset der Strauss-Kahn skulle ha budd på øvre Manhattan.

Foto: Tina Fineberg / Ap

Million-kausjon

I kveld norsk tid vart det kjent at Strauss-Kahn har betalt inn ein million dollar og har skaffa garantiar for fem millionar dollar. Ein tenestemann ved domstolen sa ved 20-tida norsk tid at det enno er fleire vilkår for lauslating som ikkje er oppfylde.

Like før klokka 22 kom meldinga om at dommaren har avgjort at Strauss-Kahn skal flyttast til husarrest i eit husvære på den nedre delen av Manhattan.

Heile kausjonsarrangementet vil koste rundt 200.000 dollar, vel ein million norske kroner, kvar månad.

EIn storjury la i går fram ei tiltaleliste på sju punkt mot Strauss-Kahn, etter at ein kvinneleg tilsett på luksushotellet Sofitel skulda han for seksuelle overgrep.

SISTE NYTT

Siste nytt