Hopp til innhold

Straum til alle reaktorane i Japan

Teknikarar ved kjernekraftverket i Fukushima i Japan har lukkast med å få tilbake straumforsyninga til alle seks reaktorane.

Grå røyk frå reaktor tre ved Fukushima

Røyken som tidleg måndag velta ut frå reaktor 3 ved det jordskjelv-skadde kjernekraftverket i Fukushima, har dempa seg, opplyser det internasjonale atomenergibyrået IAEA.

Foto: Ap

Dermed stig håpet om å få kjølesystema ved Fukushima Daiichii i gang att, og på den måten unngå ein atomkatastrofe.

– Dette er eit lyspunkt i krisa, seier den japanske statsministeren Naoto Kan.

Men ifølgje Reuters åtvarar ekspertane mot å friskmelda atomkraftverket.

Kopla til, men avskrudd

Dei meiner det er for tidleg å kalla dette eit vendepunkt i atomkrisa, som oppstod då jordskjelvet og tsunamien råka Japan den 11.mars.

– Det skjer framsteg, men me veit framleis ikkje om røyrane og pumpene verkar. Men den eksterne vassforsyninga blir i teorien langt enklare når straumforsyninga er oppe og går att, seier professor ved Berkeley Universitetet i California, Peter Hosemann.

Sjølv om straumen er kopla til, er så langt berre ei vasspumpe aktivert. Ved dei andre reaktorane vert nedkjølinga av brenselsstavane framleis utført på manuelt vis, blant anna ved hjelp av vasskanoner.

Vann sprayes mot reaktor tre

Japanske brannmenn forsøker å kjøla ned den skadde reaktor 3 ved kjernekraftverket i Fukushima ved hjelp av vasskanoner.

Foto: REUTERS TV / Reuters

To av seks er trygge

300 ingeniørar har jobba døgnet rundt med livet som innsats for å hindra store radioaktive utslepp, heilt sidan skadane etter jordskjelvet vart oppdaga.

Reaktor 5 og 6, som var stengde grunna vedlikehald då jordskjelvet råka, skal no vera under full kontroll og temperaturane i avkjølingsbassenga er tilbake til normalen.

Ved dei fire andre reaktorane er situasjonen framleis uavklart.

Det var reaktor 3 og 4 som tok mest skade av naturkatastrofen. Reaktor 3 utgjer den strørste trugselen, fordi den nyttar det svært giftige og radioaktive stoffet plutonium som brensel - i tillegg til uran.

Røyken frå reaktor 3, som måndag førte til ei evakuering av arbeidarane ved kraftverket, har no stilna, opplyser den japanske fjernsynsstasjonen NHK.

JAPAN-QUAKE

Matkøane er framleis lange i det jordskjelv-råka Miyagi-distriktet i Japan, men folk vel matvarene med omhu etter at det er påvist radioaktivitet i blant anna melk og spinat.

Foto: FRED DUFOUR / Afp

Radioaktivitet i mat og vatn

I Japan vert den positive meldinga om at reaktorane igjen får tilført straum overskugga av frykta for radioaktiv stråling, gjennom nedbør, mat og vatn.

Verdas helseorganisasjon (WHO) åtvarar no om at stråleforureininga frå kraftverket er meir alvorleg enn det ein tidlegare har trudd.

Det er funne matvarer som melk, spinat og andre grønsaker med unormalt høge verdiar av radioaktivitet i område langt utanfor Fukushima.

WHO påpeiker likevel atden ureina maten ikkje utgjer ein fare for liv og helse på kort sikt.

– Må slita i fleire tiår

Det vert ogs rapportert om uvanleg høgt radioaktivt innhald i sjøvatn like ved atomkraftlegget, og i ein landsby 40 kilometer unna har innbyggjarane fått beskjed om å ikkje drikka vatnet frå springen.

Sjefen for det franske direktoratet for kjernefysisk trygging (ASN) meiner den lokale forureininga er nokojapanarane må slita med i mange tiår framover.

– Lekkasjane av radioaktivitet er betydelege og dei held fram, seier André-Claude Lacoste.

SISTE NYTT

Siste nytt