Hopp til innhold

Støttar konspirasjonsteoriar – no kan ho hamne i Kongressen

Marjorie Taylor Greene (46) støttar konspirasjonsteoriane som meiner president Donald Trump fører ein hemmeleg krig mot «djeveldyrkande pedofile».

Sen. Kelly Loeffler (R-GA) And House Candidate Marjorie Taylor Greene (R-GA) Hold Campaign Event In Dallas, Georgia

OMSTRIDD: Marjorie Taylor Greene frå Georgia er på veg til Kongressen. 46-åringen støtter konspirasjonsteorien QAnon.

Foto: Dustin Chambers / AFP

For nokon er konspirasjonsteoriar blodig alvor. Enkelte av desse kan sitje i Kongressen i USA neste år.

Det gjeld mellom anna republikanar Marjorie Taylor Greene frå Georgia. Ei suksessfull forretningskvinne som tok over byggfirmaet til faren.

Greene vann nominasjonskampen i partiet etter at motkandidaten trekte seg, og no er sjansane store for at ho blir å finne i Kongressen neste år.

Dei siste åra har ho markert seg som republikansk politikar med tilhaldsstad langt ute på høgresida.

Og den lyse 46-åringen har nådd fram til veljarane i Georgia, trass i – eller på grunn av – hennar støtte til konspirasjonsteorien QAnon.

U.S. Senator Kelly Loeffler and Marjorie Taylor Greene speak at a news conference in Dallas

– Redd Amerika, stopp sosialismen! Det er liten tvil om den politiske bodskapen til Greene.

Foto: Elijah Nouvelage / Reuters

Trur på Trump

QAnon hevdar mellom anna at Demokratane og regjeringa er satanistiske pedofile som Trump arbeider for å kjempe mot.

– Dette er ein «once-in-a-lifetime» moglegheit til å fjerne det verdsomspennande nettverket med djeveldyrkande pedofile, og eg trur vi har presidenten til å gjere det, har ho uttalt.

QAnon er svært omstridd. Både Facebook og YouTube har kunngjort at dei vil slette alle grupper eller sider som ope identifiserer seg med rørsla, som blir kopla til fleire valdshendingar.

I sommar fjerna både Twitter og Facebook fleire tusen kontoar som kunne knytast til QAnon.

Donald Trump Holds "Make America Great Again" Rally In Tampa

QAnon-tilhengjarar på eit folkemøte med president Trump.

Foto: Joe Raedle / AFP

Trump rosa henne

Andre oppsiktsvekkande kommentarar Greene har komme med, er fråsegna om at «den mest mishandla gruppa av menneske i USA i dag er kvite menn».

Ho har òg samanlikna Black Lives Matter-aktivistar med det høgreekstreme og rasistiske Ku Klux Klan.

På Facebook har ho i tillegg hevda at leiaren for Representanthuset, Nancy Pelosi, var skuldig i landssvik og at ho difor burde avrettast, skriv CNN.

Mykje tyder likevel på at Greene kan bli den første politikaren i Kongressen som ope støttar QAnon.

Ho vann nominasjonskampen i det som blir rekna som ein sikker republikansk krins i Georgia og dei fleste trur at ho dreg til Washington neste år.

President Donald Trump gav henne òg støtte då han omtalte henne som ein «framtidig republikansk stjerne» og ein «ekte vinnar».

Ikkje alle er fornøgd med det.

– Vi hadde ein gong republikanske leiarar som arbeidde for å halde ekstremistar unna makta. No omfamnast dei galne og farlege ideane deira, seier republikanaren Rudy Oeftering frå Texas til The Irish Times.

Men Greene er ikkje åleine om å støtte konspirasjonsteorien blant amerikanske politikarar.

Ifølgje Media Matters stiller QAnon-tilhengjarar til val i minst tolv delstatar, mellom dei Oregon, California, Colorado og Illinois.

Nyleg stemde òg Representanthuset over eit forslag om å fordømme QAnon. Forslaget fekk fleirtal, men 17 medlemmer av det republikanske partiet, og dessutan ein uavhengig representant, stemde òg mot forslaget.

Donald Trump Holds "Make America Great Again" Rally In Tampa

President Donald Trump vil ikkje fordømme rørsla.

Foto: Joe Raedle / AFP

Ville ikkje fordømme

QAnon-tilhengjarane har òg etter kvart lausrive seg frå PC-skjermane og vorte synlege innslag på folkemøta til president Trump.

Presidenten ville då heller ikkje fordømme konspirasjonsteorien då han vart spurd om dette under eit folkemøte i Miami natt til fredag.

Trump hevda å ikkje ha nokon kjennskap til QAnon, sjølv om han fleire gonger har fått spørsmål om dette. Trump har òg retweetet meldingar frå støttespelarar.

– Eg har høyrt at dette er menneske som elskar landet vårt, sa han om tilhengjarane under ein pressekonferanse i Det kvite hus 19. august.

– Eg forstår at dei liker meg veldig godt, noko eg set pris på, sa han då.

Det er planlagt at opptil 150.000 QAnon-kontoer skal slettes fra Twitter. Men hva er det?

SISTE NYTT

Siste nytt