Nyheitsopplesaren på TV i Niger kunne i går lese opp ei prestisjefull melding frå styresmaktene i landet: Den siste veka er 280 Boko Haram-medlem drepne i fleire store offensivar i Niger. Det er nyheitsbyrået AFP som melder dette i dag.
Luftangrep
Tsjad, Kamerun, Nigeria og Niger har gått saman for å slå tilbake terrorgruppa Boko Haram som lenge har herja i grenseområda mellom dei fire landa. Seinast inovember varsla dei ein ny offensiv mot gruppa, og den siste veka har angrepa skjedd både via lufta og bakken.
Angrepa er spesielt retta fleire små øyer i Tsjadsjøen der Boko Haram held til. Den nigerske hæren seier dei ikkje mista nokon av sine eigne menn i dei siste angrepa, og at dei klarte å få kontroll på fleire kanoar, utstyr til å skyte ut rakettar og anna våpen.
Boko Haram bak fleire store angrep
Dei siste månadene har Boko Haram klart å gjennomføre fleire store angrep mot militære i nabolandet Nigeria. I november døde 44 soldatar i eit angrep frå gruppa, og i desember døde nye 14 nigerianske soldatar i eit nytt angrep.
Førre veke tok gruppa kontroll over to militærbasar i Nigeria. Desse angrepa har skapt frykt for at gruppa kan bygge seg opp nye slagkraft.
– Boko Haram-krigarar fekk tak i mykje utstyr, og hadde moglegheit til å styrke seg igjen, sa Nigers forsvarsminister Kalla Moutari i eit møte i landets parlament.
Dette bakteppet gjer dei siste tilbakeslaga mot Boko Haram ekstra viktige for styresmaktene i Niger og nabolanda.
Mange jenter kidnappa
Tsjad, Nigeria, Niger og Kamerun har hatt ein militær offensiv gåande mot terrorgruppa sidan 2015, og dette har klart å avgrense Boko Harams aktivitet ein del, men gruppa klarer framleis likevel å gjennomføre fleire angrep.
Mellom anna har dei gjennomført kidnappingar av fleire tilsette i internasjonale selskap som held til i regionen, i tillegg er fleire titals jenter bortførte frå fleire landsbyar i området. Desse vert ofte utnytta seksuelt av soldatar i gruppa, og vert ofte sett på som løn for jobben dei gjer som Boko Haram-soldatar.
Til saman er over 27.000 drepne dei siste åra og over to millionar er drivne på flukt frå heimane sine på grunn av gruppa sine gjerningar.