Trustar ramma av steinras på Cinque Terre

Ei australsk kvinne vart alvorleg skadd då det i dag gjekk eit stort steinras over «Kjærleiksstigen» på den populære turistløypa Cinque Terre sør for Genova i Italia.

Skadet turist fraktes bort. Bilder fra raset over stien, reporter fra RAI viser hvor raset gikk.

VIDEO: Steinras på 'Kjærleiksstigen' i Cinque Terre.

Bent Tanstad
Journalist

Fleire tusen nordmenn går denne spektakulære og bratte ruta mellom Riomaggiore og Manarola kvart å, men ingen nordmenn vart ramma av raset i dag. Eit følgje på fire australske turistar kom midt oppi raset, og 61 år gamle Judy Greig vart alvorleg skadd.

Steinras over Kjærleiksstigen i Cinque Terre

Ei australsk kvinne er alvorleg skadd etter å ha blitt tatt av raset og slengt utfor dette tryggingsgjerdet.

Foto: RAI

Dei tre andre fekk berre lettare skadar.

Tørr periode

Lokale styresmakter er uroa over raset, og at det gjekk i ein tørr periode på året.

– Vi er svært uroa, fordi dette skjedde utan at det har regna. Då lurer vi på kva som kan skje når regnet kjem for alvor seinare i haust, seier Patrizio Scarpellini, som har det regionale ansvaret for stignettet i Cinque Terre.

Dei fire australske turistane fortel at svært steinar plutseleg kom rasande ned fjellsida over stigen, og at dei så vidt greidde å kome seg unna fleire steinar på minst to meter i diameter.

Landa på fjellhylle

Judy Greig vart teken av raset og kasta over tryggingsgjerdet langs stigen. Ho landa på ei fjellhylle eit stykke nedanfor stigen. Ho vart henta ut med helikopter og frakta til sjukehus i Genova. Dei tre andre vart behandla for lettare skadar på sjukehuset i La Spezia, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt