Hopp til innhold

Stort angrep mot skule på Krim-halvøya

MOSKVA/OSLO (NRK): Ein talsperson for dei russisk-kontrollerte styresmaktene på Krim-halvøya seier minst 19 personar døde i det dei kallar eit terrorangrep mot ein yrkesskule. Det skal både ha vore skyting og eksplosjonar i skulens kantine.

CRIMEA-EXPLOSION-CRIME

Dei første bileta frå skulen viser ambulansar som hentar ut elevar.

Foto: - / AFP

Forklaringane på kva som har skjedd på yrkesskulen i Kertsj spriker, men dei aller fleste meldingane fortel no om ein 18 år gamal elev ved skulen som gjekk til angrep med skytevåpen og eksplosiv. Overvakingskamera skal vise 18-åringen gå inn døra til skulen med våpen.

Mannen skal ha utført handlinga åleine, og han tok sitt eige liv etterpå. Det er ein lokal talsperson som jobbar på vegne av Russland på den omstridde halvøya som seier dette til nyheitsbyrået Interfax.

Ein etterforskingskomité i Russland skildrar no hendinga som ein skytemassakre, og ikkje eit terrorangrep.

Dei første historiene som kom frå Krim-halvøya fortalde om fleire væpna menn som skaut rundt seg, men ifølge lokale russiskvennlege styresmakter tyder det etter kvart på at det altså var den 18 år gamle eleven som stod bak angrepet.

CRIMEA-RUSSIA-CRIME-POLITICS-ATTACK

Russiske soldatar er på plassen, og det vert også sendt forsterkingar til Krim-halvøya. Den omstridde halvøya er annektert av Russland, men ingen andre land anerkjenner dette.

Foto: - / AFP

– Umogleg å forstå nasjonalitet

Det vert stadfesta frå fleire hald at det er minst 19 døde, inkludert den antekne gjerningsmannen, og at over 50 er skadde ifølge russiske styresmakter som kallar hendinga for eit terrorangrep. Ifølge ei lokal ombudskvinne er dei fleste skadde og drepne ungdommar.

Dei fleste elevane er mellom 17 og 19 år på skulen kor ungdommane får yrkesfagleg utdanning. Skular og barnehagar i byen er no evakuert etter hendinga.

Kertsj

Russland sender forsterkingar

Det skal også ha vore ein eksplosjon i skulens kantine i samband med skytinga, og ein nasjonal russisk anti-terror-komité seier det var ei heimelaga bombe full av metalldelar var plassert i skulens kantine.

CRIMEA-RUSSIA-CRIME-POLITICS-ATTACK

Ein av dei skadde får hjelp etter angrepet mot ein yrkesskule i byen Kertsj.

Foto: - / AFP

Skulen ligg i byen Kertsj på Krim-halvøya, eit område som vart annektert av Russland i 2014. Denne annekteringa er ikkje anerkjent av Vesten. Seinast i vår sa Russlands president, Vladimir Putin, at Russland aldri kjem til å gje Krim tilbake til Ukraina.

Halvøya er viktig for både Ukraina og Russland, og det vart stor strid om halvøya då dei to landa hamna i konflikt nokre år tilbake. Over halvparten av innbyggjarane på Krim-halvøya har sterke band til Russland.

Russlands president, Vladimir Putin, seier Russland no har starta etterforsking for å vite meir om motiva bak angrepet.

– Det er allereie klart at dette er eit brotsverk. Kva som skjedde og motiva bak vert no etterforska nøye, seier Putin som i dag er i møte med Egypts president Abdel Fattah al-Sisi.

Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu seier at det no vert sendt militære styrker og utstyr for å hjelpe dei skadde og overlevande.

SISTE NYTT

Siste nytt