NRK Meny
Normal

Fatah med gigantmarkering i Gaza - første gong sidan 2007

Fleire hundre tusen palestinarar marsjerte for å markere 48-årsjubileet til Fatah på Gazastripa i dag. Dette er første gong Fatah markerer seg her sidan Hamas overtok makta i 2007.

Mønstring for Fatah i Gaza.

Fleire hundre tusen menneske deltok i den historiske markeringa i Gaza by.

Foto: Adel Hana / Ap

President Mahmoud Abbas, som også er leiar for Fatah, talte til Fatah-tilhengjarane via storskjerm frå hovudkvarteret sitt i Ramallah på Vestbreidda.

Fatah-markering i Gaza.

Ein plakat med bilete av Mahmoud Abbas festa til ballongar i dei palestinske fargane vaia over folkemengda.

Foto: SAID KHATIB / Afp

Borgarkrigen i dei palestinske områda i 2007 førde til at Fatah vart sitjande med makta på Vestbreidda, medan den islamistiske organisasjonen Hamas tok makta på Gazastripa.

Startskot for væpna kamp

Demonstrasjonane i dag er til minne om grunnlegginga av Fatah, som også var startskotet til den væpna kampen mot Israel. Den væpna kampen heldt fram heilt til 1993, då dåverande Fatah-leiar Yasir Arafat skreiv under Oslo-avtalen, som sikra palestinarane eit visst sjølvstyre.

BBC melder at det var samanstøytar mellom ulike Fatah-fraksjonar under markeringa i dag, men at det ikkje var vald mellom Fatah-tilhengjarar og Hamas-tilhengjarar.

Video av demonstrasjonen i Gaza by.

VIDEO: Fatah med gigantmønstring i Gaza

Hamas var heile tida motstandar av avtalen, og i 2006 vann Hamas parlamentsvalet i dei palestinske områda. Fatah og Hamas prøvde å danne ei samlingsregjering, men det var stor usemje blant anna om kven som skulle ha kontroll over tryggingsstyrkane.

Tilnærma borgarkrig

Det enda med ein tilnærma borgarkrig i 2007. som enda med at Hamas kontrollerte Gazastripa og Fatah måtte nøye seg med Vestbreidda.

Sidan har forholdet mellom dei to grupperingane vore prega av fiendskap, men det faktum at Hamas tillet Fatah å markere jubileet på Gazastripa tyder på at dei to partane har nærma seg kvarandre.

Ei forsoning mellom Hamas og Fatah for å få til ein palestinsk stat var også eit tema i talen til Mahmoud Abbas. Partane har tidlegare vorte samde om å arbeide for forsoning, men motsetningane mellom dei to palestinske gruppene har vist seg å vere for store.

Plakatar med Yasir Arafat i Gaza by.

Demonstrantar bar plakatar med bilete av Yasir Arafat under markeringa i Gaza.

Foto: Hatem Moussa / Ap

Vil aldri godkjenne Israel

Hamas har nekta å gi opp den væpna motstanden mot Israel, og organisasjonen har også gjort det klart at dei aldri vil godta Israel som ein sjølvstendig stat. Fatah har på si side akseptert ein israelsk stat.

Egypt inviterte i dag Fatah og Hamas til nye forhandlingar om forsoning i løpet av to veker. Krigen mellom Israel og Hamas i månadsskiftet november/desember i fjor har ført til at dei to grupperingane har kome nærmare kvarandre.

Fryktar Hamas

Israel fryktar at ei palestinsk forsoning kan føre til Hamas til makta også på Vestbreidda. Etter den siste Gaza-krigen har den islamistiske organisasjonen fått auka oppslutning på meiningsmålingane også på Vestbreidda.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu sa i dag at han fryktar at Hamas kan ta kontroll over maktapparatet på Vestbreidda kva tid som helst.

Fatah med massemønstring i Gaza.

Dei gule Fatah-flagga har ikkje vaia på Gazastripa sidan 2007. I dag deltok fleire hundre tusen menneske i feiringa av 65-årsjubileet til Fatah i Gaza by.

Foto: MOHAMMED ABED / Afp

LES OGSÅ: – Israel brøt Folkeretten i Gaza

LES OGSÅ: - Også palestinske grupper braut folkeretten under Gaza-krigen

LES OGSÅ: – Håper jeg blir en martyr på Gazastripen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt