NRK Meny
Normal

– Aukar samarbeidet, men mistenker kvarandre

– Når Kinas president i dag besøker India er det to land som skular på kvarandre som møtes, meiner Asia-ekspert Torbjørn Færøvik. I dag møttest dei to landa sine statsleiarar, som saman representerer ein tredjedel av jordas folk.

CHINA-SOUTHASIA/INDIA India's PM Modi and China's President Xi wave before their meeting in Ahmedabad

Kinas president Xi Jinping vart ønskja varmt velkomen av Indias statsminister Narendra Modi i dag.

Foto: AMIT DAVE / Reuters

Dei to landa har til saman meir enn 2,7 milliardar innbyggjarar, og er begge økonomiar i sterk vekst. I dag knyt dei tettare band når Kinas president Xi Jinping er på besøk hos den indiske statsministeren, Narendra Modi. Det er første gong på åtte år at ein kinesisk president har besøkt nabolandet i sørvest.

– Eit godt forhold mellom Kina og India er viktig for stabiliteten i Asia. Me snakkar om dei to mest folkerike landa i verda. Det seier seg sjølv at eit godt forhold mellom dei er viktig, seier forfattar, historikar og Asia-kjenner Torbjørn Færøvik.

– Skular på kvarandre

BRAZIL-BRICS-XI-MODI

Dei to statsleiarane har også møttest tidlegare. Her under toppmøte i Brasil, då statsleiarane i Brasil, Russland, India Kina og Sør-Afrika møttest for å utvikle BRICS-samarbeidet.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / Afp

Torbjørn Færøvik byline 2

Forfatter og historikar Torbjørn Færøvik trur dei to nabolanda er mistenksomme på kvarandre.

Målet med Xi sitt besøk er først og fremst å få til eit tettare økonomisk samarbeid. India har hatt ein kraftig oppsving i marknaden etter at Modi tok over som president. For Kina går det litt tråare, med ein vekst på 6,3 prosent i august, noko som er ein nedgang på 1,1 prosent sidan juli.

Men kinesarane er uansett på utkikk etter stader å investere, og India kan vere ein slik stad. Xi Jinping vil plikte seg til å investere meir enn 100 milliardar dollar, noko som er langt meir enn Japan, som også har eit nært forhold til India.

Færøvik trur at dei to landa først og fremst er mistenksame overfor kvarandre, sjølv om den bilaterale handelen har hatt ein veldig vekst dei siste åra.

– Det er to stormakter i Asia som skuler på kvarandre. Eg kan godt tenke meg at forholdet mellom dei to landa vil halde fram med å vere tilspissa i åra som kjem. Her er det snakk om å gi og ta frå begge sider, meiner Færøvik.

I dag ligg handelen mellom dei to landa på rundt 64 milliardar dollar, men med eit stort indisk handelsunderskot. Berre sidan byrjinga av 2000-talet har handelsunderskotet gått opp frå ein milliard til 40 milliardar.

– Sett bort frå dei planlagde samtalen om politikk, tryggleik og grenser, kjem den kinesiske presidentens besøk truleg til å fokusere på å dempe den indiske regjeringa si aukande uro over handelsunderskotet, seier Rajrishi Singhal ved den indiske tenkjetanken Gateway House, til nyheitsbyrået AFP.

Konflikt blussar opp frå tid til annan

Forholdet mellom Kina og India har tidvis vore særs dårleg, og det var på sitt verste under ein grensekrig mellom landa i 1962. Framleis legg Kina krav på indisk territorium, og auka kinesisk aktivitet i Det indiske hav har også fått India til å reagere.

– Konfliktforholdet blussar jo opp att frå tid til annan, og det henger eit mistenksamt slør over forholdet mellom dei to landa, seier Færøvik.

– Det me ser no er at India er villige til å gå saman med Japan, Filippinane, Vietnam og andre austasiatiske land, for å demme opp for den kinesiske påverknaden i den delen av Asia. Så forholdet er prega av både samarbeid og rivalisering.

INDIA-POLITICS-CHINA-PROTEST

Mange Tibet-aktivistar hadde nytta sjansen til å kjempe sin sak i India i dag. Dei er misnøgde med det dei meiner er menneskerettsbrot frå kinesiske styresmakter.

Foto: SAJJAD HUSSAIN / Afp

Mellom India og Kina ligg Tibet, som er ein del av Kina, men som også er ein region der mange av innbyggjarane meiner dei vert undertrykte av styresmaktene i Beijing. Området er også grunn til gnissingar mellom India og Kina.

– Tibet har vore kjelde til strid i ein del år, sidan India har vore vertskap til eksilregjeringa til Dalai Lama. Tibet ligg der som eit slags geografisk skilje mellom landa. Tibet vert kalla Asias vasstårn, og forsyner begge land med vatn. Det er viktig for begge land å senke temperaturen langs den felles grensa, seier Færøvik.

Asia-eksperten har tru på at dei to landa begge vil utvikle seg mykje i åra som kjem, og at dagens økonomisk vekst berre er byrjinga.

– Me må hugse på at begge landa er i industrialismens ungdom, så det er mykje som skal skje i åra som kjem.

Modi med Twitter-storm

Xi Jinping landa trygt i formiddag i India, der han skal besøke Modi sin eigen heim. I kveld ventar ein privat middag, før dei to statsleiarane skal møtast til samtaler i morgon.

Om ein følger den indiske statsministeren på Twitter, vil ein få eit innblikk i Indias prioriteringar før møtet. For i motsetnad til den kinesiske statsleiaren, så er Narendra Modi flittig på Twitter, og det er forsonande meldingar han kjem med der i framkant av møtet mellom han og Xi.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt