54 år gamle Karl Rove, med oldefar frå Halden i Østfold og visstnok svært stolt av den norske herkomsten sin, blir rekna som den viktigaste strategiske rådgjevaren til George W. Bush.
Lekkasje
Han blir rekna for å ha vore hovudarkitekten bak valkampstrategien til Bush, og mange gav han mykje av æra for den solide valsigeren i november i fjor.

New York Times-journalisten Judith Miller måtte i fengsel fordi ho ikkje ville bryte kjeldevernet. (Foto:AFP/Scanpix)
No blir han skulda for å ha avslørt identiteten til CIA-agenten Valerie Plame. Det velrenommerte tidsskriftet Newsweek skriv denne veka at Rove var kjelda som hadde avslørt at Plame var CIA-agent.
I USA er det ulovleg å avsløre identiteten til ein CIA-agent.
Når no Det demokratiske partiet har sett inn tungt skyts mot Karl Rove, kan det bety at han til slutt vil måtte gå av. Det blir sagt at demokratane luktar norskætta blod.
Observatørar har merkt seg at Det kvite huset ikkje har forsvart Rove offentleg i denne saka.
Demokratane sin leiar i Senatet, Harry Reid, minner Bush-administrasjonen om kva dei tidlegare har sagt. Dei lovde at dersom nokon i Det kvite huset var involvert i Valerie Plame-saka, så kunne dei ikkje lengere arbeide for Bush-administrasjonen.
- Eg har tillit tilit dei står ved sitt ord, seier Harry Reid lakonisk.
Valerie Plame
Valerie Plame-saka nådde aldri dei store overskriftene i Noreg, men det har vore ei stor sak i USA. Det har vore kjent at ein eller annan i Bush-administrasjonen avslørte at Plame var CIA-agent. Ho er gift med tidlegare ambassadør Joseph Wilson, noko som gjer saka ekstra delikat.
Ein journalist i New York Times, Judith Miller, vart nyleg sett i fengsel fordi ho nekta å avsløre kven kjelda for avsløringa av Valerie Plame som CIA-agent var, slik ein domstol hadde pålagt henne. Ho nekta, og viste til kjeldevernet, som er ein av berebjelkane til den frie journalistikken.
Joseph Wilson har sagt at kona sin identitet som CIA-agent vart avslørt fordi han gjekk ut med sterk kritikk av Bush-administrasjonen si handtering av krigen i Irak.

Faksimile av eit oppslag i vekebladet Vanity Fair om Valerie Plame og mannen Joseph Wilson. (Scanpix)
Rove sjølv vedgår at han har snakka med media, men at namnet til Valerie Plame aldri vart nemnt i samtalane.
Det kvite hus seier dei ikkje vil kommentere saka så lenge ho er under etterforsking. No er spørsmålet om George W. Bush verkeleg er klar til å ofre den viktigaste rådgjevaren sin.
Hjerna til Bush
Karl Rove har fått fleire kallenamn i tida si i Det kvite huset. "Bush's Brain" er eitt av dei, hjerna til Bush. Eit anna tilnamn er "Karl den store". Han har også gått under namnet "Boy Genius", gutegeniet på norsk.
Han er tynn i håret og rundleitt, ser ut som ein heilt vanleg amerikanar, slett ikkje ein mann som skil seg ut i folkemengder.
Same kva ein meiner om den norskætta rådgjevaren og strategen er det ingen tvil om at han er svært intelligent og flink, eit flogvit for å bruke eit gammal og godt norsk uttrykk.
Karl Rove vart fødd i Denver, Colorado 1. juledag 1950. Han har studert ved Universitetet i Utah, ved Universitetet i Austin, Texas og George Mason-universitetet. Likevel har han aldri teke seg tid til å avleggje ein eksamen som kunne ha skaffa han ein akademisk tittel.
Likevel vart det skrive følgjande om han i mars 2000 i Avisa Austin Chronicle:
- Trass i at Rove aldri har teke seg tid til å skaffe seg ein akademisk tittel, veit han truleg meir om den politiske prosessen i USA enn dei fleste universitetsprofessorar i landet.
Partimann
Han byrja sin politiske karriere i Det republikanske partiet sin studentorganisasjon og ungdomsorganisasjon. Han vart henta inn i staben til George W. Bush i Det kvite huset under den første presidentperioden til Bush.

Må George W. Bush kvitte seg med den norskætta rådgjevaren Karl Rove? (Foto: AFP/Scanpix)
Etter gjenvalet i fjor haust vart han utnemnd til visestabssjef i Det kvite huset.
Under heile sin karriere har Karl Rove blitt skulda for bruke ufine metodar. Ein episode frå så langt tilbake som i 1970 gir ein god peikepinn på korleis han skulle utvikle seg, meiner kritikarane.
Frå eit kontor i Chicago stal Rove brevpapiret til ein demokratisk politikar. Han kopierte det i 1000 eksemplar, og delte ut ein invitasjon til ei mottaking hos den demokratiske kandidaten. Fleire hundre møtte fram til mottakinga, der dei var lova gratis drinkar og masse jenter.
Bush-familien
Frå Karl Rove flytta til Texas i 1977 har han vore tett knytt til den mektige Bush-familien.
Då George W. Bush vann guvernørvalet i Texas mot demokraten Anne Richards, var Karl Rove sin viktig aktør i kulissane. Ho vedgår at ho som sitjande guvernør undervurderte George W. Bush og ikkje minst Karl Rove i denne valkampen.
Ho fortel at Bush fylgde råda frå Rove til fulle. - Same kva den unge Bush vart spurt om, så svarte han med eitt av dei 10 standardsvara som Rove hadde notert på blokka hans, har Anne Richards sagt.
I guvernørvalkampen i 1986 vart Rove skulda av Det demokratiske partiet for at han sjølv hadde planta ein mikrofon i eit republikansk partikontor. Han melde det til politiet, og dermed kom Demokratane i eit dårleg lys.
Genierklært
Det er berre ein mann USAs president høyrer like mykje på som Karl Rove, blir det sagt, og det er visepresident Dick Cheney.
Rove er eit organisatorisk geni, blir det sagt. Han har greidd å gjere den heller rufsete republikanske partioroganisasjonen til ein straumlineforma organisasjon, som faktisk greidde å mobilisere 1,4 millionar friviljuge valkamparbeidarar i dei viktige vippestatane ved valet i fjor.
Hans strategiske evner går også tydeleg fram av valresultatet i fjor haust. Det republikanske partiet greidde ikkje berre å mobilisere dei tradisjonelle veljargruppene sine, men gjorde store innhogg i vanlegvis demokratiske veljargrupper, til dømes katolikkar og spansktalande.
Dette er grupper som støttar Det demokratiske partiet sin økonomi- og velferdspolitikk, men som ikkje godtek abort og homoekteskap. Dette såg Karl Rove klarare enn nokon annan, og valkampen vart lagt opp etter dette.
Hans Blix
Vi kjenner alle til at George W. Bush i tida før invasjonen i Irak ikkje var særleg begeistra for sjefen for våpeninspektørane til FN, svenske Hans Blix.

Tidlegare leiar for FN sine våpeninspektørar Hans Blix var aldri godt likt i Det kvite huset. (Foto: AFP/Scanpix)
Wahington Post-journalisten Bob Woodward, ikkje minst kjend frå avsløringa av Watergate-skandalen, skriv i ei bok om Rove at det var Karl Rove som hadde kviskra Bush i øyret kva han skulle meine om hans Blix. Woodward hadde også fått med Rove sitt norske opphav.
Det fekk NRKs underfundige kåsør Egil Johan Ree til å seie følgjande:
"Karl Rove er svært stolt av sitt norske opphav, og har fått med seg at Noreg var under svensk styre frå 1814 til 1905. I familien Rove har nok mistrua mot svenskane vore sterk. Skal ein tru på det Bob Woodward fortel, må svenskehatet ha halde seg gjenom generasjonane like til den noverande presidentrådgjevaren".
Nye oppgåver
Spøk til side. Den norskætta presientrådgjevaren Karl Rove er i hardt vèr. President George W. Bush kan bli tvungen til å kvitte seg med den trufaste medarbeidaren.
Det gjer han nok ikkje med lett hjarte, men på den andre sida er det sikkert nok av viktige oppgåver for strategen Rove utanfor Det kvite huset.
Det republikanske partiet har alt byrja å førebu presidentvalkampen i 2008. Då er Bush ferdig med sine to periodar, og partiet må ha ein ny kandidat.
Veslebror Jeb Bush er ein kandidat, utanriksminister Condoleeza Rice er også nemnd. Same kven det blir så vil kandidaten ha bruk for flogvitet med anar frå Halden.
For sjølv om Karl Rove skulle vere ferdig i Det kvite huset, så har Det republikanske partiet framleis bruk for evnene hans. Ingen trur han er ferdig i amerikansk politikk.
(Kjelder: NRK-NTB-New York Times-Jyllandsposten-CNN)