NRK Meny
Normal

100 000 mista straumen

Titusenar fekk måndag heimane sine mørklagde i Russland. Etter vekevis med tørke, sette kraftig vind og regnskurar inn over nordvestlege delar av landet.

Video Knekt anleggskran etter storm i Russland

Katastrofedepartementet i Leningrad-regionen opplyser at nærare 100 000 menneske i 1500 landsbyar er utan straum.

Stormen, som også har herja i St- Petersburg, førte til at fleire tre blei blåst over ende. Togtrafikken blei forsinka som følgje av uvêret.

Frå hetebølgje til hagl

Vêrvarselet tyder på at stormen no er på veg mot Moskva-regionen. Den russiske hovudstaden har dermed kraftig torever og striregn i vente.Det er også varsla haglbyger i Moskva, der det for to veker sidan blei sett ny varmerekord med 37,8 grader.

Talrike skogbrannar har herja Russland og teke livet av minst 29 menneske under den verste hetebølgja på fleire tiår.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt