Hopp til innhold

Store snømengder skaper kaos og død i Alpane

Det ekstreme snøfallet i delar av Austerrike, Sveits og Tyskland har tvinga styresmaktene til å innføre unntakstilstand i fleire distrikt. Hittil har uveret kosta 12 menneske livet.

Det ekstreme snøfallet i delar av Austerrike, Sveits og Tyskland har tvinga styresmaktene til å innføre unntakstilstand i fleire distrikt.

Etter et snøskred i Schwaegalp i Sveits torsdag, måtte de tilsette finne fram snøskuffene inne på Hotel Saentis.

Det siste dødsofferet for dei enorme snømengdene var ein ni år gammal gut frå Aying utanfor München. Han omkom då han fekk eit fallande tre over seg, opplyser det lokale politiet. Fleire har mist livet i trafikkulukker som følgje av snøkaoset dei siste dagane

Både Austerrike og Tyskland har sett inn soldatar for å hjelpe innbyggjarar som er innestengde av snøen. I Tyskland har fem distrikt i delstaten Bayern erklært unntakstilstand.

Ifølgje Züddeutsche Zeitung deltek 5000 personar laurdag i arbeidet med å fjerne snø frå hustak for å hindre at dei kollapsar. Det er meldt meir snø til kvelden, spesielt i det sørlege Øvre Bayern.

Budeswehr har sendt 350 soldatar til dei hardast ramma områda, medan 300 andre er klare til å rykkje ut, om det blir naudsynt.

Snøkaos i Tyskland.

Fleire nedsnødde tog på jernbanestasjonen i Berchtesgaden i Tyskland. Fleire strekningar er stengde på grunn av snøfallet.

Foto: Reuters

Stengde skular og togstans

Kristusstatue i Ruhpolding.

Ruhpolding er ein av byane som er ramma av enorme snømengder. Her ei Kristus-statue med godt med snø på taket.

Foto: Tobias Hase / AFP

Soldatane tek seg fram med hjelp av beltevogner, og dei deltek også i arbeidet med å fjerne snø frå hustak som står i fare for å kollapse som følgje av snømengdene. Skulane i dei hardast ramma områda har vore stengde i fleire dagar, og togtrafikken er innstilt i delar av det sørlege og austlege Bayern.

Fleire tog står nedsnødde på jernbanestasjonen i Berchtesgaden i vente på at ryddemannskapa skal greie å fjerne snø og falne tre frå skjenegangen. Over 200 flygingar frå flyplassane i München og Frankfurt er kansellerte i dag på grunn av snøvêret.

Mange vegar er også stengde på grunn snømengdene, av ulukker eller på grunn av tre som har falle ned på vegbana. Fleire hundre bilistar måtte overnatte i bilen sine natt til fredag på motorvegen A8 nær Rosenheim.

Grensegjerde i Tyskland.

Eit grensegjerde stikk så vidt opp av snøen i Schwangau i det sørlege Tyskland.

Foto: Karl-josef Hildenbrand / AFP
Snøkaos i Tyskland.

Bundeswehr har sendt soldatar og beltevogner for å hjelpe menneske som er innestengde av snømengdene.

Foto: Tobias Hase / AFP

Ventar meir snø

Røde Kors og frivillige frå sivilforsvaret jobba på spreng for å få fram forsyningar til dei som var innesnødde i bilane sine, opplyser politiet til det tyske nyheitsbyrået DPA.

Og vêrmeldingane gir ikkje noko trøyst. Det er venta endå meir snø i løpet av helga.

Snømengdene har også ført til fleire store snøras i Alpane denne veka. Fleire har mist livet, men ein gruppe på seks tyske tenåringar på skuletur blei redda då dei vart tekne av eit snøras på den austerrikske sida av grensa.

Det er varsla stor fare for snøras på begge sider av grensa mellom Tyskland og Austerrike også i helga.

I byen Chemnitz aust i Tyskland vart alle planlagde gravferder denne veka utsette på grunn av snøen. I det austlege Sveits vart eit hotell i Schwaegalp ramma av eit snøras, men til alt hell vart ingen alvorleg skadd.

Hotell ramma av snøras i Sveits.

Eit hotell i Sveits vart ramma av snøras. Her er dei tilsette i full gang med å få snøen ut av resepsjonsområdet.

Foto: Arnd Wiegmann / Reuters
Trafikkaos i Tyskland.

Lange køar på motorvegen A9 ved Garching i det sørlege Tyskland.

Foto: Matthias Balk / AFP

Katastrofealarm i Sentral-Europa – og nå kommer en meter til med snø

Snøstorm rammar flyktningar: – Vi er isolerte, og teltet har kollapsa

Snøkaos på Balkan

Også på Balkan har snøen ført til store problem denne veka. Fleire landsbyar i Serbia er isolerte etter at snøen stengde vegane, og snømengdene har også ført til straumbrot fleire stader. Dei fleste skulane i dei hardast ramma områda har halde steng denne veka.

Snø kombinert med kraftig vind og låge temperaturar har også skapt problem i nabolandet Montenegro. For første gong på ni år har det kome snø i hovudstaden Podgorica, og temperaturane er dei lågaste på fleire tiår.

Også i Bosnia-Hercegovina har vintervêret skapt problem i trafikken og for straumforsyninga. Ryddemannskapa klagar over at dei ikkje har nok utstyr til å få bort snøen.

Flyktningleir ramma av snøstorm: – Riv opp klede og brenn dei for å få varme

SISTE NYTT

Siste nytt