Hopp til innhold

Store protestar mot Keiko Fujimori

Rundt 50.000 peruanske kvinner og menn tok til gatene i protest mot Fujimori-dynastiet sine forsøk på å klamre seg til makta i det latinamerikanske landet.

PERU-ELECTION/

Kvinner protesterer mot kvinne og Fujimori-dynastiet. Dei påpeika at Alberto Fujimori stod bak ein stor kampanje for å sterilisere fattige kvinner.

Foto: MARIANA BAZO / Reuters

Demonstrasjonstoget gjekk gjennom gatene i Lima 24 år etter at Alberto Fujimori tok makta i Peru.

Han var president på 90-talet, då landet var prega av korrupsjon, forsvinningar og massakrar.

No leier dottera hans, Keiko Fujimori (40) på meiningsmålingane.

Sundag er det presidentval

Peru Elections

Keiko Fujimori leiar på meiningsmålingane, men er ein kontroversiell kandidat på grunn av faren.

Foto: Rodrigo Abd / Ap

– Aldri meir Fujimori!

Det var mange ungdommar og kvinner som møtte opp på Plaza San Martin i Lima sentrum.

– Aldri meir Fujimori, var kampropet som runga ut.

Dei bar banner og eit stort peruansk flagg mens dei marsjerte mot lokala til den nasjonale valkommisjonen.

– Eg ynskjer at verda får vite at peruanarane er opprørte over at dottera til ein korrupt leiar kan bli president, sa universitetsprofessoren Patricia Salazar.

PERU-ELECTION/

Protestbrøl mot Keiko Fujimori ved Plaza San Martin

Foto: MARIANA BAZO / Reuters

Valordninga blir kritisert

Organisasjonen for amerikanske statar (OAS), kritiserer valkommisjonen i Peru for å ekskludere kandidatar.

Snart halvparten av kandidatane har trekt seg, eller dei har blitt ekskludert på grunn av ein valreform som kom i stand i januar.

Nyheitsbyrået AFP fryktar at det kan føre til meir uro om andrekandidaten Pedro Pablo Kuczynski blir ekskludert.

Han er skulda for stemmekjøp.

PERU-ELECTION/

Det kan bli nye demonstrasjonar om andrekandidaten blir ekskludert.

Foto: MARIANA BAZO / Reuters

Kontroversielt dynasti

Far til Keiko Fujimori, regjerte Peru frå 1990 til 2000.

I 1992 gjennomført Alberto Fujimori eit kupp der han sette grunnlova til side

I april 2009 vart japanaren dømd til 25 år i fengsel for drap og bortføringar i samband med kampen mot maoistiske opprørarar på 90-talet.

SISTE NYTT

Siste nytt