Hopp til innhold

Store protestar i Hongkong - fryktar utleveringsavtale med Beijing

Enorme folkemengder tok til gatene i Hongkong i dag for å protestere mot ei lov som opnar for utlevering av etterlyste personar til Fastlands-Kina.

Fleire hundre tusen menneske deltok i dei store protestane i Hongkong laurdag.

Det er ulike anslag på kor mange som deltok i protestane i den tidlegare britiske kolonien i dag, men arrangøren Civil Human Rights Front seier at talet på over ein million. Politiet seier at fleire hundre tusen var ute i gatene, men demonstrasjonen skal vere den største i Hongkong på 15 år.

Den offisielle grunngjevinga for utleveringsavtalen med Beijing er at den nye lova er naudsynt for å tette smotthol og å hindre at byen blir brukt som gøymestad for kriminelle frå det kinesiske fastlandet.

Ulike rettssystem

Demonstrasjon i Hongkong.

Det er stor frykt i Hongkong for at demokratiforkjemparar kan bli utleverte til Fastlands-Kina.

Foto: Thomas Peter / Reuters

Demokratiforkjemparar i Hongkong fryktar at utleveringsavtalen kan bli brukt til å sende opposisjonelle i fengsel på fastlandet. Hongkong og Kina har ulike rettssystem. Byen var britisk koloni fram til 1997, då han vart ført tilbake til Kina som ein særskilt administrativ region med utvida sjølvstyre.

Det gjer at politisk opposisjonelle opplever mykje større fridom der enn på fastlandet.

130.000 menneske deltok i ein liknande demonstrasjon i Hongkong i april. Sist torsdag arrangerte 3000 medlemer av advokatforeninga Law Society ein stille protest mot lovforslaget.

Styresmaktene i Hongkong har prøvd å roe ned protestane ved å redusere kva brotsverk som skal vere gjeldande for utleveringsavtalen, samt å avgrense maksstraffa til sju års fengsel. Sakene skal også behandlast individuelt.

Demonstrasjon i Hongkong

Demonstrasjonen gjekk i hovudsak roleg føre seg, men fleire personar vart arresterte av politiet.

Foto: Thomas Peter / Reuters

Større enn 2003

Dette har ikkje dempa uroa blant innbyggjarane. Det faktum at demonstrasjonen i dag samla fleire menneske enn den store protesten for meir demokrati i 2003, blir lagt merke til.

29 år gamle Tommy Lam var blant demonstrantane i sentrum av Hongkong i dag. Han er redd for at den politiske fridomen dei har hatt i Hongkong fram til no, skal bli borte.

– Alle dei som møtte opp for å demonstrere i dag sender ein klar bodskap. Om regjeringa ikkje høyrer på oss, så vil situasjonen bli alvorleg, seier han til nyheitsbyrået AP.

67 år gamle Alex Ng var også med i protesten, og han seier at det er altfor mange usikre moment rundt den nye avtalen til at han vil slå seg til ro med det.

SISTE NYTT

Siste nytt