Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj overraska på tryggingskonferansen i München ved å seie at Ukraina ikkje har anna alternativ enn å bli med i EU og Nato.
Han starta talen sin til statsleiarar over heile verda med ein referanse til bibelhistoria der underdog David vinn over kjempa Goliat med berre ei slynge.
– David er no oss, alle saman. Det finst ikkje noko anna alternativ enn å overvinne Goliat som kom for å øydelegge liva våre, sa han.
Kharkiv, kort tid etter at invasjonen starta i fjor.
Foto: STRINGER / Reuters– Eg forstår at ein leiar som står i ein blodig krig og forsvarar landet sitt, at han ser etter alle høve til å kunne styrke det forsvaret. Det er ikkje eit tema som blir diskutert i Nato i dag, seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.
– I dag er medlemslanda opptekne av å kunne støtte Ukraina i den forsvarskampen dei kjempar. No må vi konsentrere alle krefter på det.
Statsleiarar frå heile verda er samla til den årlege tryggingskonferansen i München. Støre er til stades i München saman med fire andre norske statsrådar.
For første gong er ikkje Russland invitert til München, og heller ikkje Iran.
NRK møtte statsministeren på tryggingskonferansen i München.
Kom med ny våpen-appell
Zelenskyj oppmoda også til å få fart på våpenleveransane på slagmarka.
– Det å vere David betyr å kjempe, og vi kjempar. Men vi har ikkje enno David si slynge, la han til, og bad statsleiarane få fart i våpenleveransane til Ukraina.
I dette fekk han støtte frå den tyske forbundskanslaren, Olav Scholz.
Olav Scholz var tydeleg om at fleire allierte land bør sende stridsvogner til Ukraina
Foto: Michael Probst / AP– Allierte som har stridsvogner tilgjengelege, bør sende dei til Ukraina med det same, sa han i sin opningstale.
Dette markerer eit skifte i Tyskland si haldning til våpenstøtte. Det tok nemleg fire månader med press før Scholz sa ja til at dei tyskproduserte Leopard-stridsvognene kunne sendast til Ukraina.
Støre seier at våpen kjem raskare fram til Ukraina i dag enn dei gjorde i starten av krigen, men at det alltid kan bli endå raskare.
– Igjen forstår eg at han er desperat etter å få all hjelp han kan få, når ein ser angrepa han blir utsett for.
– Kan bli langvarig
Til Zelenskyj sin avsluttande kommentar om at neste år sitt møte kan bli ein «etter-krigen konferanse», var Støre meir i tvil.
– Det er ikkje noko som vil glede meg meir enn det, men eg trur vi også må vere førebudde på sjansen for at det kan bli langvarig, og at det kan bli frykteleg kostbart, ikkje minst for ukrainarane men også ei verd som ikkje treng denne krigen.
NRK møtte også ordføraren i Kyiv, Vitalij Klitsjko, utanfor konferanselokala.
– Denne krigen kan bli stoppa av ein person. Det er den same personen som starta denne krigen, og sit i Moskva, seier han.
– Akkurat no ser vi berre ein måte å halde russarane vekke på, og det er ved å forsvare heimlandet vårt.
Leiar for tryggingskonferansen, Christoph Heusgen, opna arrangementet, som varar fram til søndag.
Foto: THOMAS KIENZLE / AFPDet er uvanleg stort oppmøte på tryggingskonferansen i år. Nesten alle europeiske regjeringssjefar er på plass, saman med toppleiarar frå USA og Kina.
Forholdet mellom dei to siste er eit spenningsmoment under konferansen, etter nedskyting av ein kinesisk ballong over delstaten Sør-Carolina tidlegtare denne månaden.
Finland: – Kan bli aktuelt å bli Nato-medlem utan Sverige
Eit anna sentralt tema er Svensk og Finsk Nato-medlemskap, som krev godkjenning frå alle medlemslanda for å tre i kraft.
Tyrkia har vist motvilje til å godkjenne Sverige sin søknad av ei rekke grunnar. Ei koranbrenning framfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm sist månad gjorde forholdet endå vanskelegare enn før.
Til no har Sverige og Finland ønska å gå inn i Nato saman. Men dersom Tyrkia godkjenner Finland sin søknad først, vil ikkje styresmaktene trekke seg ut eller stoppe prosessen.
Til no har Finland og Sverige ønska å bli Nato-medlem samtidig.
Foto: Jeppe Gustafsson/Shutterstock / Shutterstock editorialDet sa president Sauli Niinistö til fleire finske medium fredag, i forkant av tryggingskonferansen.
– Dersom Tyrkia godkjenner Finland sin Nato-søknad før Sverige sin, kan ikkje Finland gjere noko med det.
Fredag har utanrikskomiteen i Helsingfors stemt ja til at Finland si nasjonalforsamling samla sett godkjenner finsk Nato-medlemskap.
Komiteen understreka at landet bør bli med i forsvarsalliansen så raskt som mogleg, men også at Finland ideelt sett bør gå inn saman med Sverige.
Tyrkia har tidlegare opna for å godkjenne Finland som Nato-medlem åleine.