Jens Stoltenberg møtte tysdag den norske statsministeren, utanriksministeren og forsvarsministeren i forkant av Nato sitt utanriksministermøte i Oslo.
Saman med Jonas Gahr Støre heldt han så eit pressemøte om fleire tema som blir tekne opp når nesten alle utanriksministrar i forsvarsalliansen kjem i morgon.
Eit sentralt tema blir dei nylege samanstøytane i Kosovo.
Valden braut ut måndag kveld mellom Nato-leidde fredsbevarande styrkar og etnisk serbiske demonstrantar, under ein demonstrasjon mot resultatet av lokalvalet i nord.
30 av soldatane til den fredsbevarande KFOR-styrken blei skada, og 52 demonstrantar, ifølge Reuters.
Polske Nato-soldatar stod tysdag vakt i nordlege Kosovo, der det skjedde valdelege samanstøytar mellom demonstrantar og dei Nato-leia KFOR-styrkane måndag.
Foto: ARMEND NIMANI / AFPPolske Nato-soldatar stod tysdag vakt i nordlege Kosovo, der det skjedde valdelege samanstøytar mellom demonstrantar og dei Nato-leia KFOR-styrkane måndag.
Foto: ARMEND NIMANI / AFPTysdag er det klart at Nato utplasserer ekstra styrkar til Kosovo som følge av dette.
– Slike angrep er uakseptable og må bli stoppa. KFOR kjem til å gjere alt dei kan for å forsvare og verne om tryggleiken deira og til borgarar i Kosovo, sa Nato-sjef Stoltenberg.
– Vi har bestemt oss for å utplassere 700 soldatar frå ORF-reservestyrken for vestlege Balkan, og å setje ein ytterlegare bataljon med reservestyrkar i høg beredskap, slik at den også kan bli utplassert ved behov.
Konflikten har sin bakgrunn i at eit kosovoalbansk parti for nokre veker sidan vann lokalvalet i den serbisk-dominerte regionen nord i Kosovo.
Nato-utanriksministrar til Oslo
I morgon kjem nesten alle utanriksministrane i Nato til Oslo, for å ta del i eit «uformelt» møte fram til torsdag.
Ministrane som er i Oslo varmar opp til det større Nato-møtet i Vilnius 11–12. juli.
Støre tok imot Nato-sjefen utanfor statsministerkontoret.
Foto: NTBStøre tok imot Nato-sjefen utanfor statsministerkontoret.
Foto: NTBUformelt eller ikkje, skjer det truleg mange viktige diskusjonar i veka som kjem.
Stoltenberg sa tysdag at Nato er i fortløpande kontakt med tyrkiske styresmakter om Sverige sitt Nato-medlemskap.
Svensk utanriksminister Tobias Billström skal vere til stades i Oslo. Landet hans ventar framleis på godkjenning frå Tyrkia og Ungarn for å bli Nato-medlem.
Den tyrkiske utanriksministeren kan på si side ikkje delta på møtet, fordi han må vere med på å forme det nye tyrkiske parlamentet.
– Alle allierte, også Tyrkia, var samde om å invitere nye medlemmar inn. Finland har blitt fullverdig medlem, og no må også Sverige bli det, sa Stoltenberg
– Vi jobbar med dette, og håpar å ha alt på plass til møtet i Vilnius. Det er ingenting som er sikkert, men vi må jobbe for å få til dette.
Ein flagga for både Noreg og Nato utanfor statsministerkontoret tysdag.
Foto: Heiko Junge / NTBEin flagga for både Noreg og Nato utanfor statsministerkontoret tysdag.
Foto: Heiko Junge / NTBOgså utanriksminister Anniken Huitfeldt kommenterte den svenske Nato-søknaden.
– Det er ingen grunn til å no halde Sverige utanfor. Dei oppfyller alle plikter, og svensk medlemskap vil styrke også Tyrkia og alle dei andre Nato-landa, sa ho til NRK.
Ukraina framleis viktigaste tema
Det viktigaste temaet er utvilsamt Ukraina, og situasjonen på bakken akkurat no.
– Putin sin aggresjonskrig mot Ukraina markerer slutten på verda slik vi kjenner til den, sa Stoltenberg i ein tale til Den norske Atlanterhavskomité tysdag.
Der deltok han i ein paneldebatt saman med utanriksminister Anniken Huitfeldt, og kom med ein alvorleg bodskap.
– Stormakt-rivaliseringa er på frammarsj, våre verdiar om demokrati og ein internasjonal rettsorden er under press, og det er full krig i Europa.
Støre sa seinare på dagen at det er aktuelt for Noreg å delta i opplæring av ukrainske pilotar slik at dei kan fly vestlege F-16-jagarfly, etter at USA har gitt tommel opp til dette.
Ukrainsk luftforsvar skaut ned ei drone over hovudstaden Kyiv natt til tysdag.
Foto: Evgeniy Maloletka / APUkrainsk luftforsvar skaut ned ei drone over hovudstaden Kyiv natt til tysdag.
Foto: Evgeniy Maloletka / APTidlegare fekk Stoltenberg spørsmål frå NRK om det massive droneangrepet mot Moskva, der president Putin sin heim kan ha vore eitt av måla.
Det hevdar iallfall kjelde i det russiske parlamentet. Ukrainske styresmakter nektar for at dei har hatt noko med angrepa å gjere.
– Dersom det er Ukraina som står bak, kva for følger vil det ha for vidare militær støtte?
– Vi støttar Ukraina og er heilt trygge på at Nato-land ikkje berre kjem til å stå ved men også trappe opp støtta, sa Stoltenberg, og viste til at det er Putin som har starta invasjonskrigen.
– Nato har rett til å støtte Ukraina. Det gjer oss ikkje til deltakarar i krigen, men det hjelper Ukraina med å halde gåande sin rett til sjølvforsvar.