Hopp til innhold

Støre fekk Kongo-forsikring

Utanriksminister Jonas Gahr Støre har i dag snakke med sin kongolesiske kollega Alexis Thambwe Mwamba, og fekk forsikringar om at dei to nordmennene ikkje vil bli avretta.

Montasje: Jonas Gahr Støre og Alexis Thambwe Mwamba

Montasje: Jonas Gahr Støre og Alexis Thambwe Mwamba.

Foto: Erlend Aas/ Pascal Guyot / Scanpix/AFP

- Eg understreka at Noreg tek sterk avstand frå dødsstraff, og bad om forsikringar om at dei to ikkje vil bli avretta sjølv om dødsdommen blir ståande, seier Jonas Gahr Støre.

LES OGSÅ: Tror ikke de dødsdømte frifinnes

LES OGSÅ: Støre sikrer fortsatt fri rettshjelp for dødsdømte nordmenn

LES OGSÅ: Dødsdømte kan sone i Norge

Sjå heile pressekonferansen til Støre

Blir ikkje avretta

Mwamba gav forsikringar om at dei to nordmennene under ingen omstende ville bli avretta. Han gjorde det også klart at Kongo er open for drøftingar om at delar av ein eventuelt rettskraftig dom kan sonast i Noreg.

Den kongolesiske utanriksministeren sa i samtalen med Støre at han kjenner denne aktuelle saka godt. Mwanda er medlem av tryggingskabinettet i landet, og han kunne fortelje at regjeringa har vedteke eit moratorium om ikkje å fullbyrde dødsstraff.

Dei to ministrane vart også samde om å møtast i løpet av FNs generalforsamling i New York seinare denne månaden, og at dei skal halde kontakt vidare i denne aktuelle saka.

Kongo er ansvarleg

Den kongolesiske utanriksministeren forsikra også at ein anke vil bli behandla på korrekt vis, samstundes som han slo fast at kongeolesiske styresmakter er ansvarlege for tryggleiken til dei to nordmennene.

Jonas Gahr Støre seier at Mwanda noterte seg at norske styresmakter fullstendig avviser dommen om spionasje, og at han ville ta opp dette med det han kalla rette instansar.

Støre gjorde det også klart for sin kongolesiske kollega at skuldingane om atTjostolv Moland og Joshua French har spionert for Noreg, er fullstendig grunnlause. Han avviste også erstatningskravet mot staten Noreg.

- Eg understreka også at norske styresmakter ikkje tek stilling til det øvrige skuldspørsmålet, seier Jonas Gahr Støre.

Håpar på gjensyn

Knut Moland

Knut Moland håpar han får sjå sonen sin igjen snart.

Foto: Svein Johnsen / NRK

Knut Moland, faren til Tjostolv Moland, seier til NRK at det også tidlegare har vore opna for ei utlevering til Noreg. Men at til fleire instansar det kjem frå, og til ferskare det er, til betre er det.

På spørsmål om dette styrkjar han i trua på at han får sjå sonen sin igjen, svarar han dette:

- Ja, eg veit ikkje kor snart det blir, men vi får håpe det blir så snart som mogleg.

SISTE NYTT

Siste nytt