Hopp til innhold

Store demonstrasjonar i Libanon

Rasande sunnimuslimar har teke til gatene i fleire byar i Libanon i dag for å protestere mot at den Hizbollah-støtta millilardæren Najib Mikati blir ny statsminister i landet.

Najib Mikati ny statsminister i Libanon

Najib Mikati blir truleg ny statsminister i Libanon.

Foto: Assaad Ahmad / Ap
Demonstrasjon mot ny regjering i Tripoli.

Demonstrantane rettar seg mot den nye Hizbollah-støtta statsministeren i Libanon.

Foto: MOHAMED AZAKIR / Reuters

President Michel Suleiman utnemnde Mikati til ny statsminister like etter klokka 13 i dag.

Det at Mikati no blir statsminister i landet har vekt sterke reaksjonar blant sunnimuslimane, som meiner Hizbollah har gjennomført eit kupp. AFP melder at Mikati har støtte frå 65 av dei 128 representantane i det libanesiske parlamentet.

Store demonstrasjonar

Fleire tusen sunniar demonstrerer i dag i Tripoli, Beirut og andre byar mot ei ny regjering dei meiner vil gjere Iran til den eigentlege makthavaren i Libanon. Sunniane har utropt dagen i dag til ein «vredens dag», og det er blant anna sett fyr på eitt av køyretya til den arabiske fjernsynskanalen Al Jazeera.

- Om hæren ikkje grip inn raskt, vil vi vere i fare, sa ein Al Jazeera-reporter på direkten frå Tripoli tidlegare i føremiddag.

Noverande statsminister Saad Hariri bad i ettermiddag tilhengjarane sine om å demonstrere fredeleg og unngå alle formar for valdsbruk.

Najib Mikati er sjølv sunnimsulim, og mange sunniar er rasande fordi han vil leie ei Hizbollah-dominert regjering.

Hizbollah-tilhengjarar har svart med å arrangere sine eigne demonstrasjonar i Libanon i dag.

Video Voldelige demonstrasjoner i Tripoli

VIDEO: Valdelege samanstøytar i Tripoli

Etter den kompliserte libanesiske grunnlova må statsministeren vere sunnimuslim. Saad Hariri, som har støtte frå vestlege land og moderate arabiske statar, er den klart mest populære sunnimuslimske politikaren.

Høyr rapport frå Sigurd Falkenberg Mikkelsen:

LES OGSÅ: Libanon: Demonstrerer for Hariri

LES OGSÅ: Hizbollah vil ikke godta Hariri

Jumblatt snudde

Då drusarleiaren Walid Jumblatt og hans partigruppe trekte si støtte til Harii-koalisjonen, hadde ikkje Hariri lenger fleirtal i parlamentet. Dette bana vegen for at sjiamuslimske Hizbollah, som er støtta av Iran og Syria, trekte seg frå regjeringa tidlegare denne månaden.

Bakgrunnen er usemje om den såkalla Hariri-domstolen, ein internasjonal domstol som etterforskar drapet på faren til Saad Hariri, Rafik al-Hariri. Han vart drepen i eit bombeattentat i 2005.

Det er venta at domstolen vil konkludere med at Hizbollah var delaktig i drapet på Hariri, noko organisasjonen avviser. Hizbollah meiner at domstolen er ein reiskap for USA og Israel.

Det er frykt for at den nye politiske krisa i Libanon kan føre landet ut i ein ny borgarkrig.

LES OGSÅ: Regjeringa i Libanon braut saman

Demonstrantar ber bilete av Saad Hariri og faren hans, som vart drepen i 2005.

Demonstrantar ber bilete av Saad Hariri og faren hans Rafik Hariri, som vart drepen i 2005.

Foto: JOSEPH EID / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt