Hopp til innhold

Storbyen Calgary ramma av flaum

Det verste uåret på fleire tiårs har ramma den kanadiske provinsen Alberta hardt. Rundt 100.000 menneske er evakuerte frå heimane sine.

Ishockeyarenaen Saddledome under vatn i Calgary.

Den vidkjende hockeyarenaen Saddledome er blant bygningane i Calgary sentrum som er ramma av flaumen.

Foto: Jeff McIntosh / Ap

Tre menneske er stadfesta omkomne og minst to andre er sakna, opplyser provinsstyresmaktene i Alberta.

Alvorleg flaum i Alberta i Canada.

Den transcanadiske motorvegen gjennom Alberta er stengd på grunn av flaumen.

Foto: Craig Douce / Ap

Uveret har ramma den kanadiske oljehovudstaden Calgary hardt. Storbyen med rundt ein million innbyggjarar er fullstendig isolert frå omverda, og store delar av sentrum er ramma av flaum. Fleire bydelar er evakuerte, og fleire kjende bygningar i sentrum er overfløymde etter at elva Bow River gjekk over breiddene sine.

Ishockeyarena under vatn

I den vidkjende Saddledome ishockeyarena står vatnet opp til den 14. seterada, og ein rodearena like ved står også under vatn. Det har kome 100 millimeter nedbør i løpet av to døgn, noko som er heilt uvanleg.

Verst er det likevel oppe i fjellområda. I den kanadiske delen av Rocky Mountains har det kome 220 millimeter nedbør i løpet av 36 timer nær byen Canmore. Dette er like mykje nedbør som det til vanleg fell på eit halvt år.

Direktør Chris Scott i The Weather Channel seier at flaumsituasjonen i dette området er akutt. Vatnet strøymer nedoverbakke frå fjellet, og det er årsaka til at situasjonen no er så akutt i byar lenger nede som Calgary.

100.000 mennesker er evakuert etter flom i Canada.

VIDEO: Flom i Canada

– Sjokkerande omfang

Canadas statsminister Stephen Harper, som sjølv er frå Calgary, kallar omfanget av flaumen for sjokkerande. Han sa i natt norsk tid at dei enno ikkje veit om det verste er over, men at det er håp om betre vêr snart.

Flaum i Alberta i Canada.

Ein politibil har fått problem i dei store vassmengdene i Calgary.

Foto: TODD KOROL / Reuters

– Dette er utruleg. Eg har opplevd flaum i Calgary tidlegare, men eg trur ikkje eg har sett noko slikt før. Omfanget er ekstraordinært, seier han.

Ordføraren i OL-byen frå 1988, Naheed Nenshi, seier at det verkar som om flaumen har nådd høgdepunktet, men at det ikkje er teikn til at vatnet skal trekkje seg tilbake.

Heime frå jobben

Ein talsmann for forsvarsministeren i Canada seier at 1300 soldatar frå ein base i Edmonton er sende til flaumområdet for å delta i redningsarbeidet

Provinsen Alberta ligg i den austlege delen av Rocky Mountains og mange område her er til vanleg rekna som svært nedbørsfattige.

Fredag vart det sendt ut åtvaring til dei rundt 350.000 menneska som arbeider i sentrum av Calgary, om at dei ikkje skulle reise på jobb. Dei fleste fylgde dette rådet, og det er håp om at det verste skal vere over når den nye arbeidsveka startar måndag.

Flaum i millionbyen Calgary i Canada.

Millionbyen Calgary i den canadiske provinsen Alberta er hardt ramma av flaumen.

Foto: ANDY CLARK / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt