Hopp til innhold

Storbritannias dronning Elizabeth II er død

Storbritannias dronning Elizabeth II er død, 96 år gammal. Trass i kongelege skandalar og debatt om det britiske kongehuset, klarte ho å vere ei populær og høgt elska dronning for britane.

Dronning Elizabeth er død - 96 år gammel.

HØGT ELSKA: Dronning Elizabeth II er den lengst sittande monarken i Storbritannia gjennom tidene.

Foto: POOL / Reuters

Dronning Elizabeth er død. Det bekreftar Buckingham Palace.

I den offisielle dødsbodskapen som blei slått opp ved Buckingham Palace etter dronning Elizabeths død, blir Charles og Camilla omtala som konge og dronning.

Ifølgje Sky News tar britanes nye konge namnet kong Charles III.

Det nye kongeparet blir verande på Balmoral slott i Skottland torsdag kveld. Fredag reiser dei til London.

Flagget på Buckingham Palace på halv stang

Flagget ved Buckingham Palace på halv stong.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

– Bortgangen til mi høgt elska mor er ei stor sorg for meg og familien min, heiter det i eit fråsegn frå den nye kongen Charles.

Flagget ved Buckingham Palace er senka. Ved alle dei kongelege residensane blir det flagga på halv stong.

Storbritannias dronning Elizabeth II er død, 96 år gammel.

Storbritannias dronning Elizabeth II er død, 96 år gammal.

– Eit stort sjokk

Dronning Elizabeths siste offentlege oppdrag var å gi Liz Truss oppdraget med å danne ny regjering i Storbritannia tysdag. Seremonien blei for første gong gjennomført i Balmore, som er residensen til dronninga i Skottland.

Grunnen til at dette skjedde i Skottland var helsa til dronninga.

– Det er eit stort sjokk for nasjonen og for verda, sa Truss i ein tale torsdag kveld etter det blei kjent at dronninga var død.

– Ho var eit førebilete for heile Storbritannia, seier ho vidare.

Den britiske statsministeren, Liz Truss, hedret den nå avdøde dronningen utenfor Downing street nummer 10. Hun ga støtte til nasjonens nye monark. Truss sier at den nye kongen vil bli kjent som kong Charles den tredje.

Statsminister Liz Truss om dronning Elizabeths bortgang.

Onsdag måtte dronning Elizabeth avlyse oppdrag etter råd frå legane. Dei råda ho til å kvile. Torsdag sa legane at dei var uroa for helsa hennar, og råda å sette dronninga under medisinsk overvaking.

Den britiske kongefamilien samla seg torsdag i slottet i Skottland.

Folk sørger utenfor Buckingham palace torsdag kveld.

Folk sørger utanfor Buckingham Palace torsdag kveld.

Ansatte ved kongehuset henger erklæringen om at dronning Elizabeth er død, på porten til Buckingham palace.

Tilsette ved kongehuset heng erklæringa om at dronning Elizabeth er død, på porten til Buckingham Palace.

En jente legger ned blomster utenfor Buckingham palace etter dronning Elizabeths død.

Ei jente legg ned blomar utanfor Buckingham Palace etter dronning Elizabeths død.

Hundrevis samlet seg utenfor Buckingham palace for å sørge dronning Elizabeths død.

Hundrevis samla seg utanfor Buckingham Palace for å sørge over dronning Elizabeths død.

Store folkemengder samler seg utenfor Buckingham palace for å hedre dronning Elizabeth.

Store folkemengder samlar seg utenfor Buckingham Palace for å heidra dronning Elizabeth.

En minneserklæring for dronning Elizabeth vises på en storskjerm på Piccadilly Circus i London.

Ei minneserklæring for dronning Elizabeth blir vist på ein storskjerm på Piccadilly Circus i London.

Buckingham palace i kveldstimene torsdag kveld. Den nye kongen, Charles, ville reise tilbake fredag.

Buckingham Palace i kveldstimane torsdag kveld. Den nye kongen, Charles, reiser tilbake fredag.

Kong Harald kondolerer

Utanfor Buckingham Palace har store folkemengder samla seg for å sørge og for å vise si medkjensle.

Kondolansane har strøyma inn frå heile verda etter det blei kjent at dronninga er død.

Den norske kongefamilien opplyser at det er med stor sorg at dei tok imot bodskapen om at dronninga er gått bort.

– Tankane våre går til Hans Majestet Kongen og den næraste familie ved dronning Elizabeths bortgang, heiter det i kondolansen signert kong Harald.

Kong Harald og dronning Elizabeth.

Kong Harald og dronning Elizabeth.

Foto: Dominic Lipinski / AP

– Ho via seg hengivent til gjerninga si og følgde det britiske folk, seier han.

Også statsminister Jonas Gahr Støre sender tankar til Storbritannia.

– Ein historisk epoke og eit langt liv i teneste for Storbritannia er slutt. Det står stor respekt av dronning Elisabeths livsgjerning, uttaler han.

Det kvite hus uttrykkjer også djup medkjensle etter dronning Elizabeths bortgang.

Les også: Charles er ny konge i Storbritannia

Kong Charles
Kong Charles

Aktiv til det siste

Dronning Elizabeth kjem til å bli hugsa for måten ho fornya det britiske kongehuset på. Sjølv om ho aldri stilte til intervju, bidrog ho til meir openheit overfor media. Ho la også vekt på å stå fram som vanleg og usnobbete.

Dette gjorde henne svært populær blant mange britar.

I tillegg til å vere dronning for Storbritannia, var ho også statsoverhovud i fleire land, som Australia og Canada. Ho var også øvste leiar i Samveldet av nasjonar, der fleire av medlemslanda er tidlegare britiske koloniar som dronning Elizabeth gav sjølvstende.

Elizabeth under platinumjubileet hennes, februar 2022.

Elizabeth under platinumjubileet hennar, februar 2022.

Foto: POOL / Reuters

Trass i at ho var langt over vanleg pensjonsalder, var ho aktiv til det siste med statsbesøk og offentlege oppdrag. Ho las dagleg dokument frå regjeringa for å halde seg oppdatert.

Også hausten 2021 bad legane henne om å ta det meir med ro, og kvile. Ho blei sjukmeld, noko ho skal ha likt dårleg. For henne trumfa dronninggjerninga alt.

Les også: Nekrolog: Dronningen som aldri skulle bli dronning

Dronning Elizabeth
Dronning Elizabeth

Motgang

Sjølv om ho var ein populær monark, hadde også dronning Elizabeth sine turbulente periodar på trona. Ofte var det andre familiemedlemmar som bidrog til dei vanskelege tidene.

Som då barnebarnet prins Harry braut med dei kongelege i Storbritannia, og flytta til USA med familien sin.

Eller då sonen prins Andrew blei skulda for seksuelle overgrep, og ho måtte ta frå han fleire offentlege oppgåver. Kvinna han skal ha forgripe seg mot gjekk til sak mot prinsen, men i februar 2022 gjekk dei inn eit forlik.

Dronning Elizabeth i begravelsen til ektemannen Phillip i 2021.

Dronning Elizabeth i gravferda til ektemannen Phillip i 2021.

Foto: POOL / Reuters

I april 2021 døydde ektemannen til dronning Elizabeth, prins Philip, 99 år gammal. Dei møtte kvarandre i 1939, og gifte seg i 1947 i Westminster Abbey. Dei fekk barna Charles, Anne, Andrew og Edward.

Prins Philip blei gravlagd 17. april i 2021. Det blei siste gong heile den britiske dronningfamilien var samla.

Elizabeth sammen med ektemannen prins Phillip i 1959.

Elizabeth saman med ektemannen prins Phillip i 1959.

Foto: Ap

«Annus horribilis»

Prins Charles gifte seg med Diana Spencer i 1981, og sikra arverekkefølga då dei fekk prinsane William og Harry. Men det turbulente ekteskapet skapte overskrifter. Og i desember 1992 tok dei ut separasjon.

Tidlegare same år hadde både prins Andrew og prinsesse Anne skild seg frå sine ektefellar. I november begynte også hjemstedet Windsor slott å brenne.

Dronning Elizabeth etter brannen i Windsor slott i 1992.

Dronning Elizabeth etter brannen i Windsor slott i 1992.

Foto: Gillian Allen

I sin årlege tale sa dronning Elizabeth at ho ikkje ville sjå tilbake på 1992 med glede, og kalle det «annus horribilis» – det forferdelege året.

Men det skulle bli verre. I august 1997 døydde Diana i ei trafikkulukke i Paris. Sjølv om ho var skild frå prins Charles, hadde ho ei offentleg rolle i Storbritannia.

Folket sørga og la ned blomar, men frå Slottet var det stille. Til slutt blei det eit krav at dronning Elizabeth måtte seie noko. På det tidspunktet var populariteten til hennar på eit botnnivå.

Det kom sterke reaksjoner på dronningens manglende følelser i forbindelse med Dianas død (1997)

Dei britiske avisene kravde at dronning Elizabeth skulle vise seg offentleg etter at prinsesse Diana døydde i ei trafikkulukke i 1997.

Foto: AP

Skulle ikkje bli dronning

Elizabeth Alexandra Mary blei fødd 21. april 1926, og skulle eigentleg ikkje blir dronning. Det var onkelen, prins Edward, som var tronarving. Men då han skulle ta over, måtte han velje mellom trona og kjærleiken, den fråskilde amerikanske kvinna Wallis Simpson.

Han valde kjærleiken. Difor blei det faren til Elizabeth, prins Albert, som blei konge. Han tok kongenamnet George VI i 1936.

Kongen døydde av lungekreft i 1952, og Elizabeth blei dronning. Då ho blei krona i juni året etter, følgde nesten 40 millionar britar seremonien direkte på radio og TV.

Kroninga av dronning Elizabeth 2. juni 1953

Kroninga av dronning Elizabeth skjedde 2. juni 1953 i Westminster Abbey, over eitt år etter at ho blei britisk dronning.

Foto: Ap

Dronning Elizabeths første utanlandsreise gjekk til Noreg i 1955. Det er tette band mellom det norske og britiske kongehuset. Dronning Elizabeth og kong Harald er tremenningar.

Etter statsbesøket i 1955, reiste den britiske kongefamilien på ei privat reise til Vest- og Midt-Noreg i 1969. Dronning Elizabeth var også på statsbesøk til Noreg i 1981 og 2001.

Elizabeth hadde lenge en kjærlighet for hester. Her i 1987.

Elizabeth hadde lenge ei kjærleik for hestar. Her i 1987.

Foto: Ap

Folkekjær

Dronning Elizabeth bidrog til å flytte det britiske kongehuset nærare folket. Ho var oppteken av å møte og helse til folk, anten det var på reise eller heime i Storbritannia. I løpet av tida hennar som dronning er fleire av dei kongelege eigedommane opna for publikum.

Sjølv om det har vore debattar i Storbritannia om styreform, viste jubilea til dronninga dei seinare åra kor populær ho framleis var.

I 2012 feira ho Diamantjubileum for 60 år på trona med store folkefestar og båtparade på Themsen.

Dronning Elizabeth minnes på Piccadilly Circus i London.

Dronning Elizabeth blir heidra på Piccadilly Circus i London.

Foto: BEN STANSALL / AFP

I 2015 passerte ho tippoldemor dronning Victorias tid på trona, og blei den lengst sittande monarken i britisk historie.

Då ho fylte 90 år i 2016, inviterte ho andre 90-årsjubilantar til Windsor til ei mottaking på årsdagen. I juni var det gatefestar og lunsj i paradegata The Mall, som går frå Buckingham Palace til Trafalgar Square.

Folk reiste langvegs frå for å heidre dronninga, og kanskje få eit lite glimt av henne.

Sommeren 1955 kom dronning Elizabeth på statsbesøk til Oslo.

Sommaren 1955 kom dronning Elizabeth på statsbesøk til Oslo.

SISTE NYTT

Siste nytt