NRK Meny
Normal

Argentina vil kjøpe 24 jagarfly - Storbritannia seier nei

Argentina vil styrke luftforsvaret sitt med 24 nye jagarfly, av den svenske typen Gripen. Men Storbritannia, som leverer mykje utstyr til flya, set foten ned. Britane fryktar at nye argentinske jagarfly vil vere skadeleg for folket på Falklandsøyane.

SWITZERLAND/ File photo of a Saab Gripen lightweight multirole fighter jet

Det går ikkje rette vegen for Argentina som ville kjøpe 24 nye jagarfly av typen Gripen. Storbritannia, som produserer rundt 30 prosent av flydelane, vil ikkje eksportere til sin gamle fiende.

Foto: Kevin Coombs / Reuters

SWITZERLAND-REFERENDA-VOTE-SWEDEN-SAAB-FILES

Fleire land har diskutert innkjøp av Gripen-flya. Mellom anna Noreg og Sveits, som tidlegare i år hadde folkeavstemming om innkjøp av jagarfly. Det nøytrale landet stemte nei.

Foto: HANDOUT / Afp
TOPSHOTS-FALKLANDS-BRITAIN-ARGENTINA-REFERENDUM

Så britiske som ein kan bli. 99,8 prosent av folket på Falklandsøyene stemte i fjor for å halde fram med å vere underlagt britisk styre.

Foto: TONY CHATER / Afp
Argentina Falklands Anniversary

Argentinas president Cristina Fernandez de Kirchner kastar blomar inn i Beagle-kanalen, under ei 30-årsmarkering for Falklandskrigen mellom Argentina og Storbritannia.

Foto: Natacha Pisarenko / Ap

– Me er fast bestemte på å sikre oss at ikkje eksportvarer under britisk lisens kan ha potensial til å bli brukt av Argentina for å innføre ein økonomisk blokade mot folket på Falklandsøyene, eller skade deira grunnleggjande rett til å utvikle sin eigen økonomi, seier ein talsmann for det britiske handelsdepartementet til Defense News.

Storbritannia, som produserer rundt 30 prosent av delane i Gripen-flyet som Argentina ønskjer å kjøpe, viser til ei lov frå 2012, der det vart vedteke at landet ikkje skal selje militært materiell til Argentina.

Dermed ser det mørkt ut for ei gjennomføring av det overraskande kjøpet som Argentinas forsvarsminister annonserte i slutten av oktober.

Falklandsøyene

Det er den gamle konflikten om suverenitet over Falklandsøyane som er bakgrunnen til avgjersla. Sjølv om konflikten starta allereie i 1833 er den på ingen måte død. Det er framleis Dronning Elizabeth som styrer på øygruppa som ligg utanfor Argentina, til argentinarane sin store frustrasjon.

Det latinamerikanske landet sørger for at øygruppa med jamne mellomrom er tema på ulike avkoloniseringsmøte i FN, og i fjor vart det halde ei folkerøysting på øygruppa, der 99,8 prosent av folket stemte for at Falklandsøyene skal halde fram med å vere under britisk kontroll.

Men sjølv om britane har brei støtte på Falkland er dei framleis skeptiske til Argentina, og difor stoppar dei no bestillinga som Argentina har sendt til jagarflyprodusenten Saab i Sverige.

Dette skjer sjølv om Brasil og Saab har inngått ein avtale, der det mellom anna er fokus på å bidra til auka sal av Gripen-fly til andre latinamerikanske land enn Brasil. Og sjølv om Storbritannia no seier stopp, så har dei, ironisk nok, vore ein av pådrivarane for å få den aktuelle avtalen på plass.

Kan bytte ut britisk utstyr

Storbritannia opnar for at det britiske utstyret som er i flya kan bytast ut, om flya likevel skal seljast til Argentina, men det er ei lite praktisk ordning.

– Argentina er ikkje stinn av pengar, og det vil gi ein stor meirkostnad å bytte ut det viktige systemet som Storbritannia bidreg med, seier Doug Barrie ved International Institute for Strategic Studies i London.

Ein talsmann for Gripen-produsenten Saab seier at dei har følgt med på samtalen som har gått føre seg mellom Argentina og Brasil om jagarflykjøp.

– Brasil kjem til å bli ein nær partnar i utviklinga av Gripen og produksjonen av flyet. Men, all eksport av Gripen vil halde fram med å vere underlagt dei noverande, strenge eksportreglane, seier talsmannen til Defense News, og legg til:

–¨Når det gjeld britisk utstyr i flyet, så har det ikkje kome noko førespurnad om å bytte ut dette, og det er heller ingen planar om å gjere det.

Det er få ekspertar som trur det vert noko ut av Argentina sine planar. Både på grunn av Storbritannia sine strenge eksportreglar til landet, men også på grunn av Argentina sin skrantande økonomi.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt