Hopp til innhold

Storbritannia får kvinneleg statsminister igjen

Theresa May eller Andrea Leadsom blir ny leiar for Det konservative partiet i Storbritannia, og dermed får landet kvinneleg statsminister for første gong sidan Margaret Thatcher.

Theresa May (t.v.) og Andrea Leadsom.

Ei av desse blir ny britisk statsminister, Theresa May (t.v.) og Andrea Leadsom.

Foto: STAFF / Reuters

Margaret Thatcher styrte Storbritannia frå 1979 til 1990.

Det stod att tre kandidatar før avrøystinga i Det konservative partiet (Tory) i dag, og Michael Gove rauk ut. Dermed står det mellom May og Leadsom når dei rundt 150.000 medlemene i det britiske regjeringspartiet skal velje ny leiar.

Michael Gove.

Michael Gove er ute av kampen om å bli ny partileiar og statsminister.

Foto: Matt Dunham / Ap

Den siste og avgjerande runden er ikkje før 9. september

May favoritt

Theresa May er storfavoritt til å bli ny partileiar, og som dermed skal ta over etter David Cameron som statsminister. Han trekte seg etter Brexit-avrøystinga 23. juni, der det britiske folk avgjorde at dei skal melde seg ut av EU.

Theresa May fekk 199 røyster i dag, medan Leadsom fekk 84 røyster. Michael Gove, som utmanøvrerte nei-generalen og tidlegare London-borgarmeister Boris Johnson i leiarkampen, fekk berre 46 røyster.

Dermed er Gove ute, saman med Liam Fox og Stephen Crabb. Begge dei to sistnemnde har gitt si støtte til Theresa May.

– Denne avrøystinga viser at partiet kan samlast. Under min leiarskap vil det bli det, sa May då ho takka parlamentarikarane for røystene i dag.

Theresa May kan bli Storbritannias nye sterke kvinne

Nigel Farage trekk seg som UKIP-leiar

Begge er regjeringsmedlemer

Theresa May er fødd i 1956. Ho har vore britisk innanriksminister sidan 2010. Har vore tilhengjar av britisk EU-medlemskap, men det er litt meir uklart kvar ho står i dag. Ho deltok lite i valkampen fram mot folkerøystinga. Ho vann ein suveren siger i den første avrøystinga sist torsdag.

Andrea Leadsom er fødd i 1963. Ho har vore energiminister sidan 2015. Ho har sagt at ho vil ha Storbritannia ut av EU snarast mogleg.

Theresa May utklasset motstanderne i første valgrunde

SISTE NYTT

Siste nytt