Hopp til innhold

Storbritannia avviser underskriftskampanje mot Trump-besøk

Britiske styresmakter har formelt avvist internettkampanjen som har samla nær to millionar underskrifter mot at president Donald Trump skal få besøke landet.

Donald Trump og Theresa May.

Statsminister Theresa May inviterte president Donald Trump då ho besøkte USA i januar.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

I eit offisielt skriv frå Utanriksdepartementet i Storbritannia som er offentleggjort tysdag skriv dei at «vi ser den sterke motstanden gjennom underskriftene i denne kampanjen, men vi støttar den ikkje», skriv CNN.

  • Sjå underskriftskampanjen her

I skrivet slår dei fast at invitasjonen som statsminister Theresa May leverte til Trump under besøket i januar, viser kor viktig forholdet mellom USA og Storbritannia.

Datoen for besøket er ikkje klar

Den endelege datoen for det amerikanske presidentbesøket er ikkje stadfesta enno, men i ei pressemelding som svar til underskriftskampanjen skriv det britiske Utanriksdepartementet at dei ser fram til å ønskje president Trump velkomen så snart datoen er klar.

Barack Obama og dronning Elizabeth

Barack Obamamåtte vente i 28 månader før han vart invitert på statsbesøk til Storbritannia.

Foto: LEWIS WHYLD / Afp

Underskriftskampanjen samla inn over 1,8 millionar underskrifter, noko som er godt i overkant av dei 100 000 underskriftene som er minstekravet for å få saka opptil debatt i Parlamentet.

Det er venta at skal skje i Underhuset måndag 20. februar.

Der vil dei også diskutere ei rivaliserande underskriftskampanje med 310 000 underskrifter til støtte for statsbesøket frå den amerikanske presidenten.

Vil ikkje la Trump snakke i parlamentet

Leiaren for det britiske underhuset («speaker»), John Bercow, er sterkt imot at USAs president Donald Trump skal få tale i parlamentet under statsbesøket seinare i år. Som «speaker» har han rett til å nekte Trump dette.

Dronning Elizabeth

Ein tidlegare leiar i Utanriksdepartementet meiner May har sett dronninga i ein vanskeleg posisjon.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

– Etter innføringa av innreiseforbodet har eg blitt endå sterkare motstandar av at den amerikanske presidenten skal få tale i parlamentet, sa han blant anna.

Labour-leiaren Jeremy Corbyn rosa Bercow for talen, medan UKIP-leiaren Nigel Farage ikkje var like nøgd. Han sa at ein «speaker» skal vere nøytral.

– Har sett dronninga i ein vanskeleg posisjon

Intimasjonen kom under ein felles pressekonferanse i Washington førre månad, og skapte sinne både i parlamentet og hos publikum.

I januar skreiv ein tidlegare leiar av Utanriksdepartementet, Peter Ricketts, i eit brev til avisa The Times at May hadde sett dronninga i ein «svært vanskeleg posisjon», og at ho burde beskyttast ved å nedgradere besøket til eit «offisielt besøk».

Dette vil gjere at Trump ikkje får ein tur i vogna til dronninga, ein geværsalutt, ein bankett på Buckingham Palace og andre seremonielle formalitetar. Eit offisielt besøk betyr vanlegvis berre samtalar med statsministeren og eit lite møte med monarken.

Ingen amerikansk president har tidlegare fått eit statsbesøk under sitt første år som president, Barack Obama måtte vente i 28 månader, medan George W. Bush vart invitert etter 32 månader.

SISTE NYTT

Siste nytt