Hopp til innhold

Storbrann i San Francisco

Minst fem bygningar brann torsdag i sentrum av San Francisco i USA. Kraftig vind gjorde sløkkingsarbeidet vanskeleg.

Video Storbrann i San Francisco

VIDEO: Vind gjer at brannen spreier seg fort.

Brann i San Francisco

Brannen i San Francisco har spreidd seg til fem bygningar.

Foto: Jeff Chiu / Ap

Brannen starta i ei fireetasjars bustadblokk like før klokka 12 lokal tid, klokka 21 norsk tid. Brannen spreidde seg raskt til to andre bygningar i same kvartalet.

Minst to av bygningane var bustadblokker, medan City Arts Charter School også var ramma av brannen. Skulen var stengd på grunn av juleferie då brannen starta.

150 brannfolk arbeidde på spreng i nesten tre timar for å få kontroll over flammane. Dei måtte evakuere frå taket av den eine bygningen fordi det var frykt for at taket skulle rase saman.

Ein av brannfolka vart send til sjukehus med brannskadar, medan ein av bebuarane vart behandla for milde røykskadar, seier brannsjef Joanne Hayes-White til nyheitsbyrået AP.

Brannen var synleg frå store delar av San Francisco og området rundt på grunn av den enorme røykutviklinga.

Rundt 60 menneske vart heimlause i brannen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt