NRK Meny
Normal

- 90 prosent av karnevalskostyma opp i røyk

I Brasil har ein kraftig brann øydelagt Samba City, der kostyma og utstyret til det verdskjende karnevalet vert oppbevart.

Video Storbrann i rammer-Rio-karneval

VIDEO: Se video fra Samba City

Snaue ein månad før årets karneval brakar laus, står Samba City i fyr, melder nyheitsbyrået AFP.

Både kostymer, rekvisittar og vogner vert laga og oppbevart her.

– Me er sønderknuste. Alt var klappa og klart til karnevalet, seier Jorge Castanheria, som er president i sambaskule-forbundet.

– 90 prosent av kostymene opp i røyk

Ei tjukk, svart røyksky har lagt seg over Sambadrome, der den årlege karnevalsparaden går føre seg. Brannen spreidde seg raskt på grunn av store mengder brennbare materialer.

Ifølgje den brasilianske nettavisa O Globo, er fleire vogner og heile 90 prosent av karnevalskostymene til sambaskulane tekne av flammane.

Samba City ligg i hovudstaden Rio de Janeiro, der det kvart år vert skipa til ei fire dagar lang storslagen og fargesprakande karnevalsfeiring.

I fjor kom det mellom 500 000 og 700 000 utanlandske turistar til samba-hovudstaden for å få med seg det sagnomsuste karnevalet.

Karneval i Rio de Janeiro

Karneval i Rio de Janeiro.

Foto: Martin Mejia / AP
Brann i Samba City, Rio de Janeiro

Brann i Samba City, Rio de Janeiro

Foto: Felipe Dana / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt