Hopp til innhold

Brannvesenet har fått kontroll på ein av dei største brannane

Utslitne brannmannskap har fått kontroll på ein av dei største skogbrannane i Australia. Vêrmeldingane gjev dei no håp om ein etterlengta pause.

Brannen i Gosperfjella

INFERNO: Brannen som oppstod i Gospers Mountain slukar ein eigedom i Bilpin i New South Wales

Foto: Dan Himbrechts / NTB SCANPIX

Måndag melder brannvesenet i delstaten New South Wales at dei har kontroll på den enorme brannen som starta ved Gospers fjellet nordvest for storbyen Sydney.

Brannen var ute av kontroll i nesten tre månadar og fekk tilnamnet «megabrannen» i australske medium.

Ifølgje The Sydney Morning Herald har «megabrannen» svidd av eit område på 5120 kvadratkilometer. Det tilsvarar over tre gongar så mykje som arealet til London.

I delstaten New South Wales skal over 50. 000 kvadratkilometer vere råka av brannar, ifølgje BBC.

Kryssar fingrane for at vêrmeldingane skal slå til

Sidan september har brannane i Australia tatt livet av 28 menneske og øydelagt tusenvis av heimar. Brannane har vore ein katastrofe for dyrelivet og artsmangfaldet i landet.

– Det er mogleg at det rett og slett har gått med heile artar i brannane, sa zoolog Petter Bøckman til NRK i førre veke.

Det meteorologiske byrået i Australia varslar opp mot 50 millimeter regn i nokon brannutsette område denne veka.

– Dersom vêrvarselet slår til, vil det vere som julaftan, bursdag, forloving, jubileum, bryllaup og uteksaminering på same tid. Vi kryssar fingrane, skriv brannvesenet i New South Wales på Twitter.

Fleire brannar er ikkje under kontroll

Søndag morgon norsk tid meldte brannvesenet i New South Wales at det framleis var over 100 skog- og grasbrannar i delstaten. 40 av brannane i delstaten var då ikkje under kontroll.

– Sjølv om det er godt å høyre at det regnar fleire stadar, vil det framleis ta tid å få kontroll på alle brannane, skreiv brannvesenet på Twitter.

Delstaten New South Wales har verdas fjerde største brannvesen med over 6800 menn og kvinner.

Australia har ein stor frivillig styrke med brannmannskap. Fleire tusen har kjempa mot flammane, mange av dei i fleire månadar utan å få betaling. Først to dagar før nyttår fekk dei beskjed om at dei skal få betalt for innsatsen.

Fleire land har sendt brannmannskap til Australia. Dei fleste er komne frå New Zealand, men Canada og USA har og sendt folk. Fleire frivillige frå Noreg har og deltatt.

SISTE NYTT

Siste nytt