Hopp til innhold

Storaksjon mot mafiaen for asylmottak-svindel

Italiensk politi arrestert 68 personar i ein aksjon mot ei grein av ''Ndrangheta-mafiaen i natt. Styresmaktene meiner dei har tappa store pengesummar frå eitt av dei største asylmottaka i landet.

Storaksjon mot mafia i Italia, 68 arrestert

VIDEO: Storaksjon mot ''Ndrangheta-mafiaen i Italia.

Aksjonen retta seg mot Arena-klanen, som også tidlegare har vist stor kreativitet når det gjeld å rane til seg statlege pengar. Dei skaffa seg blant anna kontroll over ein stor vindmøllepark, som fekk store overføringar frå både EU og den italienske statskassa.

No meiner italienske styresmakter å bevise at Arena-klanen, med hjelp frå ein katolsk hjelpeorganisasjon, har skaffa seg kontraktar for blant anna å forsyne det store migrantmottaket på Isola di Capo Rizzuto med mat.

Dårleg mat

Dei rundt 1500 migrantane på mottaket skal i lengre tid har fått servert mat som har gått ut på dato og har vore av dårleg kvalitet. Styresmaktene har betalt for fullgod mat, og dermed har mafiaen putta store pengesummar i eigne lommer.

Det er i utgangspunktet den katolske organisasjonen Misericordia som driv mottaket i Calabria. Leiaren for organisasjonen, Leonardo Sacco, er blant dei arresterte saman med ein lokal prest.

Leiar for antimafia-kommisjonen i Italia, Rosy Bindi.

Rosy Bindi er leiar for den italienske antimafia-kommisjonen.

Foto: Tony Gentile / Reuters

Politiet meiner at Arena-klanen har skaffa seg kontraktane på mottaket gjennom Sacco. Ifølgje nyheitsbyrået AFP har Sacco skrytt av å ha gode kontaktar til mektige italienske politikarar.

Hittil i år har det kome 45.000 migrantar til Italia over Middelhavet, ein auke på 44 prosent i forhold til same perioden i fjor.

Etterlyst mafiaboss «kom ut av skapet»

44 arresterte i aksjon mot Mafia Capitale

– Viktig milepæl

Over 500 politifolk deltok i «Operasjon Jonny» i byen Catanzaro i Calabria i natt. Dei 68 arresterte er sikta for mafiaaktivitet, utpressing, ulovleg våpeninnehav, svindel, underslag av statlege midlar og tjuveri, opplyser politiet.

Leiaren for den italienske antimafia-kommisjonen, Rosy Bindi, seier at arrestasjonane i natt var ein viktig milepæl i kampen mot 'Ndranghetas infiltrasjon av mottaksapparatet for migrantar.

Det bur rundt 175.000 menneske i ulike mottak for migrantar i Italia i dag. Den italienske staten betalar for mat, husly, skulegang, legehjelp og lommepengar. Budsjettet for 2017 er på 3,3 milliardar euro, over 30 milliardar norske kroner.

'Ndrangheta-mafiaen - ei historie om blomster og kokain

Marcello «Dansaren» Pesce teken på senga

Mafia Capitale

Det aktuelle mottaket i Isola di Capo Rizzuto har lenge vore i søkelyset til styresmaktene. Alt i 2014 avslørte det italienske magasinet L'Espresso at leiarane ved leiren svindla til seg pengar som eigentleg skulle gått til migrantane.

Også i hovudstaden Roma er det tidlegare avslørt at mafiagrupperingar har skaffa seg lukrative kontraktar på mottak for migrantar. Det er særleg ei ny gruppering kalla Mafia Capitale som har vore i søkelyset for dette i hovudstaden.

«Den siste kongen av Roma» avviser Mafia Capitale-skuldingar

Catanzaro

SISTE NYTT

Siste nytt