Hopp til innhold

Storaksjon mot kurdarar i Tyrkia

Minst 42 kurdarar, blant dei åtte ordførarar, er arresterte i ein aksjon mot kurdiske aktivistar i det søraustlege Tyrkia i dag.

Video nsps_upload_2009_12_24_11_19_41_2322.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Minst 41 kurdarar arresterte i det søraustlege Tyrkia julaftan.

Arrestasjonane tidleg på morgonen julaftan vart sette i verk etter ordre frå statsadvokaten i Diyarbakir-regionen. Ein talsmann opplyser til nyheitsbyrået Reuters at 42 medlemer av det forbodne partiet DTP er pågripne, i eit forsøk på å stanse det væpna nettverket til Kurdistans Arbeidarparti, mest kjend som PKK .

Den tyrkiske grunnlovsdomstolen har forbode DTP, på grunn av partiet si tilknyting til PKK, som tyrkiske styresmakter reknar som ein terrororganisasjon. Også EU og USA har PKK på si liste over terrororganisasjonar.

Advokaten til den fengsla PKK-leiaren Abdullah Öcalan er ein av dei pågripne i dag.

Etter avgjerda i grunnlovsdomstolen 11. desember var det uro i fleire kurdiske byar i den søraustlege delen av Tyrkia.

Aksjonen i dag er den tredje i år, og til saman er over 100 kurdarar sikta eller tiltalte i samband med ei større etterforsking av PKK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt