Hopp til innhold

Ukrainarar rasar over dei ufrie folkeavstemmingane: – Putin er eit kukhovud

Uroa knytt til dei folkerettsstridige folkeavstemmingane er stor. Ukrainarar fortel at folk føler seg tvinga til å stemma.

Antonina (60) er forbanna på Outin når NRK møter henne på gata i Zaporizjzja by.

RYSTA: Oksana er forbanna på Putin. Innbyggjarane i Zaporizjzja er sjokkerte over det som går føre seg i dei russiskokkuperte områda.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

I dei sjølverklærte republikkane i Donetsk og Luhansk, samt i okkuperte område i Kherson og Zaporizjzja går det føre seg folkerettsstridige folkeavstemmingar om å slutta seg til Russland.

Zaporizjzja har no frist til tysdag på å svara på om dei er for eller imot å bli ein del av Russland.

Over halvparten av fylket deira er okkupert av russarane. Zaporizjzja by ligg berre seks mil frå det russiskkontrollerte området. Byen er enno fri, men innbyggjarane er uroa over det ufrie valet som dei russiske okkupantar no held.

Rysta over det som skjer

– Det er landet vårt og heimen vår. Dette gjer oss nervøse. Vi likar det ikkje i det heile tatt, seier Antonia som stolt visar fram genseren sin når NRK møter henne i Zaporizjzja by. Det er ei gåve frå sonen hennar.

Oksana viser stolt fram gensaren sin når. NRK møter henne i Zaporizjzja by.

Antonia viser stolt fram genseren sin når NRK møter henne i Zaporizjzja by.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Veninna Oksana er forbanna.

– Dette vårt land, vårt heim og denne voteringa gjer oss nervøse . Putin er eit kukhovud, seier ho.

På ein benk i sentrum av Zaporizjzja møter NRK eit par som er sjokkerte over det som skjer.

Inna (27) og Anatoliy (29) nyt sola i ein park i Zaporizjzja by.

Inna (27) og Anatoliy (29) er sjokkerte over det som går føre seg i landet deira.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Det er ikkje folkets ønske, men dei stemmer med automatvåpen mot hovudet. Dei har ikkje noko val. Dei må delta på referendumet, men det er eit ulovleg val, seier Inna.

Tvingar folk til å stemma

Volodymyr Marchhuk, talsmannen for guvernøren i Zaporizjzja, får løpande oppdateringar om den folkerettsstridige folkeavstemminga i den okkuperte delen av fylket sitt.

Administrasjonsbygget til fylket står no nesten tomt. Grunna tryggleiken er det få som jobbar der. For berre nokre dagar sidan landa eit russisk missil 300 meter frå bygget.

Volodymyr Marchuk, talsmann for Zaporizjzja fylkesadministrasjon.

Volodymyr Marchhuk, talsmann for Zaporizjzja fylkesadministrasjon.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Såkalla representantar for valkommisjonen drar heim til folk, følgt av to væpna soldatar. Slik gjennomfører dei «folkeavstemminga». Dei tvingar folk til å leggja valsetelen i valurna, seier Volodymyr Marchhuk.

Ein restaurant tilhøyrande eit hotell i Zaporizjzja blei øydelagt av eit missilangrep denne veka.

Ein restaurant tilhøyrande eit hotell i Zaporizjzja blei øydelagt av eit missilangrep denne veka.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Fleire flyktar

Fleire har flykta frå dei russiskokkuperte områda.

Svetlana (27) frå Melitopol har nett kome med ein buss frå den russiskkontrollerte sida når NRK møter henne. Ho fortel at russarane har planlagt valet lenge, men at det har blitt utsett gong på gong. Ho sit med tårer i augo når ho fortel om det som skjer.

Svetlana (27) har akkurat reist ut av den russiskokkuperte byen Melitopol.

Svetlana (27) har akkurat reist ut av den russiskokkuperte byen Melitopol.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Det er vondt. Denne krigen vil øydeleggja mange liv og familiar, seier ho.

Ludmila (63) frå Kherson-regionen har reist frå hus og heim for å koma ut av det russiskokkuperte området. No er ho på veg til dotter si der ho skal bu.

– Eg reiste frå huset mitt og tok med hundane. No byrjar eg å gråte, seier ho til NRK.

Ludmila (63) har akkurat kome ut av den russiskokkuperte delen av Kherson fylke. Ho har med seg mykje bagasje og to hundar.

Ludmila (63) har akkurat kome ut av den russiskokkuperte delen av Kherson fylke. Ho har med seg mykje bagasje og to hundar.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Det internasjonale samfunnet har fordømt dei såkalla folkeavstemmingane.

Ukraina og deira allierte har allereie sagt at dei ikkje vil anerkjenna resultata.

Nato har omtalt dei ufrie folkeavstemmingane og Russlands delvise mobilisering av reservestyrkar son ein ytterlegare opptrapping av krigen.

Les også Eksperter om Putins mobilisering: – Et tegn på desperasjon

Sven Holtsmark og Una Hakvåg, sammenstilt

SISTE NYTT

Siste nytt