NRK Meny
Normal

Stor streikevilje i Spania

Fagforeiningane i Spania har i det lengste vore lojale mot statsminister Zapatero, men no går dei til streik og vil ha nyval.

Video Streikevilje i Spania

VIDEO: Regjeringa kuttar i velferdsgode og møter økande raseri for det. Spania befinn seg på randa av konkurs, og vi har møtt dei som er verst ramma av krisa.

Historia om Spania som EUs mirakelland liknar akkurat no på bobla som sprakk.

I Madrid åleine er ein halv million heilt utan arbeid, og blant dei unge er nesten 40 prosent utan arbeid.

Overalt i byen er det no frivillige organisasjonar som har matutdelingar, ein uvant situasjon for eit land som dei siste åra har markert seg med flittig internasjonalt hjelpearbeid.

At fleire småbankar går over ende er også uvant for dei mange spanjolane som er vane med å stole på sin CAJA og ha reservar i banken.

Rykte om at det kan bli reguleringar også på pengeuttak,fekk raseriet til å vekse.

Fagforeiningane har også starta å røre på seg, og eit tema er generalstreik for å hindre fleire innstrammingstiltak.

Streiken tysdag blir ein test før ein mogleg storstreik.

Spania må kutte 15 milliardar euro på statsbudsjettet - det meste skal sparast inn i offentleg sektor. Underskotet må ned fra 11,2 prosent til 9,3 prosent i år og 6 prosent i 2011.

Offentleg tilsette må tole kutt i løna på 5 prosent i år og frys for neste år. 2,3 millionar tilsette blir ramma av sparetiltaka. Pensjonistar må og tole frys i pensjonen. Nybakte foreldre vil frå neste år ikkje motta eit fødselstilskot på 2.500 euro. Og det skal sparast inn på statlege medisinrefusjonar.

Onsdag skal regjeringa leggje fram sitt forslag til reformar for arbeidsmarknaden. Ingen veit eigentleg kva som kjem, men alle fryktar det verste. Spania har no ei arbeidsløyse på 20 prosent.

Skuldar på Zapatero

Kvar dag er det no små eller store demonstrasjonar av grupperingar som kjenner seg urettvist ramma av krisa. Fagforeininga Comisiones Obreras kalla saman til stormøte i forrige veke for å diskutere streik - og folk flokkar til møtelokalet sentralt i Madrid.

Elles har ikkje fagforeiningane i Spania hatt for stor oppslutting dei siste åra. Berre 16 prosent av spanske arbeidstakarar er fagorganiserte, men no er det kampvilje.

Og kritikken mot den sosialdemokratiske regjeringsleiaren er hard.

Korleis har sosialdemokratiske Zapatero tillate så mange svimlande topplønningar i regjeringa når vanlege folk må stramme inn? blir det spurt.

Er det dette EU har skaffa Spania? Eit umoralsk leiarskap og fattigfolk som må betale rekninga? Front mot høgrepolitikken, står det på løpesetlar som blir delte ut.

- EU-tilskota er ute av stand til å løyse problema våre, blir det ropt frå talarstolen til stor applaus i salen.

I rekkjene til Comisiones Obreras vil ein ikkje vere med på at det er for høge sosiale kostnader på grunnplanet som er årsaka til krisa.

Det blir peika mot uansvarlege politikarar som ikkje har følgd opp lånevilkår når stadig større lån har blitt slepphendt innvilga.

Luis Rodriguez Zapatero, Candido Mendez og Ignacio Fernandez Toxo

Statsminister Luis Rodriguez Zapatero har til no hatt eit godt samarbeid med leiarane for dei to største fagforeiningane, Candido Mendez frå Union General de Trabajadores (t.v.) og Ignacio Fernandez Toxo frå Comisiones Obreras (t.h.).

Foto: Paul White / Ap

For seint

Då Spania var i bonanza og økonomien blomstra for få år sidan, vart EU sett på som redninga - no er det tydeleg at stemninga er i ferd med å bli meir kritisk.

Generalsekretær i fagrørsla Comisiones Obreras, Ignacio Fernandez Toxo, meiner at Brussel-byråkratiet har gjort to alvorlege feil:

- Unionen har vore alt for raske til å gi store lån og var altfor seine til å reagere da krisa kom, meiner han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt