Hopp til innhold

Stor måling spår reint fleirtal til Boris Johnson ved valet

Statsminister Boris Johnson og det konservative partiet vil få 359 plassar i Parlamentet, ifølgje ei måling frå YouGov. Det betyr i så fall eit fleirtal på 68 plassar.

Boris Johnson og Jeremy Corbyn

Statsminister Boris Johnson og Labour-leiar Jeremy Corbyn med debattleiar i ITV Julie Etchingham 19. november. I dag barkar dei saman igjen, etter målinga som viser at Johnson leier føre valet 12. desember.

Foto: ITV

Meiningsmålinga frå YouGov vart offentleggjort onsdag kveld på The Times' nettsider, og tyder på at Boris Johnson vil styrke posisjonen sin etter valet 12. desember.

Labour og partileiar Jeremy Corbyn ligg an til å få 211 plassar, skotske SNP får 43 og Liberaldemokratene står med 13 plassar i meiningsmålinga.

Prosentvis får dei konservative 43 prosent og Labour 32 prosent av stemmene.

Ifølgje The Times ser Johnson ut til å forsyne seg av Labours seter. Slår målinga til, vil dei konservative auke gruppa si med 42 mandat, medan Labour vil miste 51 plassar, samanlikna med resultatet etter valet i 2017.

Undersøkinga er basert på meir enn 100.000 intervju gjort over sju dagar. Det er brukt same metode som i 2017. Den gongen spådde meiningsmålinga utfallet av valet heilt presist.

Samtidig peikar The Times på at for minst 30 av plassane som går til dei konservative i målinga, er det svært små marginar, og det kan lett tippe den andre vegen.

YouGovs måling er basert på den såkalla MRP-modellen, som fordi ho er så omfattande, spår valresultat med mykje større presisjon enn ordinære meiningsmålingar, som typisk er baserte på eit representativt utval av befolkninga på omkring 1000 personar.

SISTE NYTT

Siste nytt