Hopp til innhold

Stor mafia-aksjon i Italia

Italiensk politi arresterte 79 personar i ein landsomfattande aksjon mot ei grein av den sicilianske mafiaen i dag.

Aksjonen retta seg mot Rinzivillo-klanen, ei grein av den sicilianske mafiaen som har utspringet sitt i byen Gena på sørkysten av den italienske middelhavsøya.

Dei fleste arrestasjonane skjedde på Sicilia, men det er også meldt om pågripne blant anna i Roma og i byen Busto Arsizo heilt nord i Italia.

Politiet opplyser at dei arresterte i hovudsak arbeider i industrisektoren ulike stader i landet.

Politiet meiner Rinzivillo-klanen driv stort innanfor pengeutpressing, narkotikasmugling og kvitvasking av pengar.

- Mafia-klanen Rinzivillio har valt å halde ein låg profil, for i det stille kvitvaske pengar frå narkotika- og våpensmugling og frå pengeutpressing, seier Renato Di Natale frå påtalemakta i den sicilianske byen Caltanisetta.

Politiet jakta på 89 namngitte personar under aksjonen i dag, og dei er godt nøgde med at heile 79 av dei vart arresterte.

SISTE NYTT

Siste nytt