Dei har flykta frå heimlandet sitt og søkt tilflukt i Nairobi. Den somaliske befolkninga i Nairobibydelen Eastleigh, også kjent som «Vesle Mogadishu», veit betre enn mange andre kva Al-Shabaab-militsen er kapable til å gjere. No fryktar dei at dei nok ei gong må betale for ugjerningane til terrorgruppa.
– Kvifor gjer dei dette?
– Eg fordømmer angrepet, og eg skulle ønske at andre samfunnsgrupper kunne forstå at me deler sorgene deira, og at me er motstandarar til Al-Shabaab sin ideologi, seier Abdirizak Nur Ibrahim til BBC.
- LES OGSÅ:
Han er ein ung somalisk mann, som flykta til Nairobi for 15 år sidan. Han reiste hit for å unngå krig, og for å finne freden, men no fryktar han på ny for tryggleiken etter det blodige terrorangrepet mot Westgate-kjøpesenteret.
Butilhøva i Eastleigh er av varierande grad, og kriminaliteten er høg. Her er det bebuarar i ein av bydelens bustadblokker som følger med på ungdomsopptøyar som fann stad i Eastleigh i desember i fjor.
Foto: Ap– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Kvifor gjer dei dette mot uskuldige, uvæpna menneske? Dei som har gått til angrep er ikkje berre motstandarane til ikkje-muslimar, men dei er også motstandarane til alle menneske, seier Ibrahim.
– Ønskjer å skape splid
Kven terroristane er og kor dei kjem frå er framleis uklart. Finland, Sverige, USA og Storbritannia er blant nasjonalitetane som har blitt nemnt. Likevel har dei fleste bakgrunn frå Somalia, og for kenyanarar flest er Al-Shabaab utan tvil ein somalisk organisasjon. Og det er difor somaliarane no fryktar for tryggleiken.
– Me kan ikkje sjå bort frå at kriminelle element utnyttar situasjonen og går til angrep på medlem av det somaliske samfunnet, seier Hassan Guled, som er leiar for den lokale handelsstanden i Eastleigh.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fleire ekspertar meiner terroraksjonen ved kjøpesenteret i Westlands i Nairobi nettopp var meint til å skape splid mellom kenyanarar og somaliarar. På den måten håper terrornettverket at somaliarar som har vist dei ryggen vil få ei fiendtleg innstilling til Kenya, og dermed finne tilbake att til Al-Shabaab.
Oppmodar til å stå saman
Kenya er ikkje framand for vald mellom etniske grupper, og med presidentvalet i 2008 godt i minne prøver dei kenyanske styresmaktene å dysse ned dei etniske motsetnadane, og manar no til sameining.
– Responsen frå det kenyanske folk har vore vedunderleg. Eg har alltid visst at landet vårt er eit utmerkt land med flotte, patriotiske innbyggjarar. De har stått saman om dette. Som brør og søstrer. Me kunne ikkje ha bedt om meir, sa ein kjensleladd president, Uhuru Kenyatta, i ei tale til folket tysdag kveld.
Innbyggjarane i Eastleigh er van med valdelege oppgjer, og kriminalitetsraten i bydelen er høg. Førebels har ikkje somaliarane i «Vesle Mogadishu» opplevd meir vald enn vanleg etter terrorangrepet, men dei fryktar at det er no etterdønningane kan kome, når aksjonen er over og sanninga kjem fram.
Det var ein tydeleg prega president Kenyatta som takka det kenyanske folk for deira måte å takle terrorangrepet på.