Hopp til innhold

Fekk ikkje sende flygeblad til Nord-Korea

Politiet i Sør-Korea har stoppa aktivistar frå å sende flygeblad med luftballongar over grensa til Nord-Korea, etter trugslar om eit «nådelaust militært åtak» frå naboen i nord.

Aktivistar i Sør-Korea

STOPPA: Aktivist og nordkoreansk avhoppar Pak Sang-hak kastar flygeblada rundt seg, sidan han ikkje fekk lov å sende dei til Nord-Korea.

Foto: JUNG YEON-JE / Afp

Ei gruppe nordkoreanske avhopparar som no bur i sør, hadde planlagt å sende flygeblad med luftballongar over grensa i dag tidleg.

Men regimet i Nord-Korea truga med å opne eld på sørkoreansk territorium etter at dei fekk nyss i planane, og dette tok sørkoreanske styresmakter alvorleg. Det skriv BBC.

Sperra av eit stort område

Avhopper Park Sang-hak kaster løpesedler

LATTERLEG: Avhoppar Park Sang-hak meiner blokkeringa av flygeblad-aksjonen er latterleg.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

Måndag morgon sperra politiet i Sør-Korea av den tiltenkte oppskytinga av luftballongar med informasjonsflygeblad, i ein park i grensebyen Paju.

– Av tryggingsårsaker har området blitt sperra av og aktivistane har ikkje tilgang til å sende ballongar frå denne parken, seier ein politimann til nyheitsbyrået AFP.

I framkant av avsperringa var militæret i Sør-Korea i høg beredskap, og hundrevis av innbyggjarar i byen fekk råd om å evakuere.

Sjeldan alvorleg trugsel

Politi står vakt i Paju

Politiet står vakt i grenseområdet Paju for å hindre aktivistane i å sende flygeblad til Nord-Korea.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

Aktivistane hadde planlagt å sende hundretusenvis av flygeblad, noko dei har gjort ved fleire tidlegare anledningar.

Nord Korea fordømmer ofte desse aksjonane, men trugslane dei kom med då planen blei kjend fredag, er sjeldne.

– I den augneblinken ei einaste rørsle av denne propagandaspreiinga blir fanga opp, vil det bli starta eit nådelaust åtak utan åtvaring.

Det var beskjeden frå Korean People's Army, den nordkoreanske hæren, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

LES: Nord-Korea varsler «nådeløst militær-angrep» mot aktivister

Ein talsmann for sørkoreanske styresmakter har bede om atterhald frå begge sider.

– Vi oppfordrar Nord-Korea til å stoppe med trugslane, og vi har spurt aktivistgrupper om å slutte med slike propagandahandlingar av hensyn til relasjonane mellom dei to landa, seier ein talsmann til nyheitsbyrået AFP.

Mannen som organiserte aksjonen, aktivist Pak Sang-hak, har uttalt at avgjerda om å stoppe aksjonen er «latterleg».

Teknisk sett i krig

Spenninga mellom Nord-Korea og Sør-Korea har vore høg sidan eit sørkoreansk marineskip blei senka i mars i 2010, der sør skuldar nord for å stå bak.

Grensa mellom dei to landa er eitt av dei mest militariserte i heile verda, og mange er bekymra for at ein liten gnist kan utløyse ein stor og valdeleg konflikt.

Nord-Korea og Sør-Korea er teknisk sett framleis i krig, etter at koreakrigen (1950-1953) berre enda i våpenkvile.

SISTE NYTT

Siste nytt