Vil ikkje garantere for heile Ukraina-lånet

Finansministeren kommenterer forslaget for første gong.

To personer står side om side, iført mørke dresser og slips. De har en alvorlig mine, med en farget bakgrunn som gir kontekst. Bildet kan være fra en offisiell begivenhet eller pressekonferanse. Det er ingen synlige grafiske elementer eller tekst.

IKKJE ALT: Finansminister Jens Stoltenberg vil ikkje at Noreg skal dekke heile lånegarantien for eit gigantlån til Ukraina.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Ideen om at Noreg skal stille som garantist for eit kjempelån frå EU til Ukraina på 140 milliardar euro har fått vind i segla.

Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) vil ikkje utelukke noko før forslaget er lagt fram, men éin ting avviser han:

– Det har vore forslag om at Noreg skal garantere for heile beløpet. Det er ikkje aktuelt. Men at vi kan bidra, det får vi no sjå på avhengig av kva EU foreslår.

Beløpet tilsvarer drygt 1600 milliardar kroner, og lånet skal vere basert på fryste russiske middel som no står i ein belgisk bank.

Bilde viser moderne kontorbygninger i en bygate under overskyet vær. Det er biler som kjører forbi, og røde trafikkskilt viser at trafikken er stoppet. Omgivelsene inkluderer trær og fortauskanter som vitner om byens infrastruktur. Bakgrunnen har flere bygninger, inkludert en byggeplass.

Euroclear sitt hovudkvarter i Brussel. Her blir dei enorme russiske verdiane kontrollert.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB

Det er venta at Stoltenberg vil få spørsmålet når han møter EU-kommisjonen i Brussel i dag.

– Vi skal gi betydeleg støtte til Ukraina, men om vi skal gi det direkte som økonomiske gåver frå Noreg eller via ei låneordning i EU, er ikkje noko vi kan ta stilling til før vi veit kva EU faktisk foreslår, seier han til NRK.

Fryste middel

Fleire EU-land ønsker å gi Ukraina eit såkalla reparasjonslån – eit slags rentefritt forskot på ei teoretisk erstatning frå Russland når krigen er over.

Russiske verdiar verd 140 milliardar euro blir no kontrollert i Euroclears enorme bankbygg i mur og glas i Brussel. EU vil sende ein tilsvarande sum som eit lån til Ukraina.

Tanken er at Russland vil få pengane tilbake om dei betaler krigserstatning til Ukraina.

En kvinne står bak et podie med EU-symbolikk, og hever tommelen opp. Det er ukrainske flagg i bakgrunnen. Podiet har teksten "KYIV September 20, 2024". Hun er kledd i en lys blazer med blå detaljer.

Presidenten i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen.

Foto: ANATOLII STEPANOV / AFP / NTB

Lånet er eit heitt tema i EU, men Belgia held i bremsen.

Dei er uroa for reaksjonar frå Russland og at dei vil få eit erstatningskrav mot seg. Statsminister Bart De Wever krev at EU, som består av fleire allereie gjeldstyngde land, deler på risikoen.

Her kjem ideen om Noreg som garantist inn.

Den blei først fremma av to norske økonomar, og har så fått gehør ute i Europa. Mellom anna hos Willy Søvndal, den tidlegare danske utanriksministeren som no sit i Europaparlamentet.

– Det her er jo ikkje berre eit EU-problem, men eit felles europeisk problem. Det handlar ikkje berre om at EU, men heile Europa og dermed Noreg bidrar, seier han til NRK.

Bart de Wever ser overraska ut medan EU-leiarar omringar han

Belgias statsminister Bart De Wever kjenner på presset frå sine EU-kollegaar om å gå med på eit kjempelån til Ukraina. Men han har sett ned foten.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB

Finske Pekka Toveri, som også sit i parlamentet, seier også at Noreg har moglegheit til å stille garantiar.

Noreg har tent over tusen milliardar kroner på ekstra inntekter frå gass etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina.

– De tener gode pengar på krigen. Det er eit argument for at Noreg bidrar, meiner Søvndal.

SISTE NYTT

Siste meldinger