Hopp til innhold

Stoltenberg: – Vi må bu oss på ei verd med fleire russiske missil

Nato-sjefen fryktar «Reykjavik-avtalen» kan bli historie for godt.

Mikhail Gorbatsjov og Ronald Reagan underteiknar INF-avtalen

INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty) var ein nedrustingsavtale mellom USA og Sovjetunionen, signert 8. desember 1987 av Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov. Avtalen blir rekna som ein grunnstein i nedrustingsarbeidet.

Foto: Ronald Reagan Presidential Library

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, seier i eit intervju med BBC at Nato vil svare med ein avmålt defensiv respons, om ikkje Russland byrjar overhalde avtalen innan 2. august.

Belgium Russia NATO

Generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, seier til BBC han fryktar INF-avtalen er historie.

Foto: Virginia Mayo / AP

Men legg til at lite tydar på at russarane vil etterkome kravet:

– Vi må bu oss på ei verd med fleire russiske missil, sa Stoltenberg til BBC.

Stoltenberg: – Alvorleg situasjon

Avtalen frå 1987 gjorde alle landbaserte atom-missil av mellomdistansetypen forbode. Den bana også veg for den viktige START I avtalen, der dei to supermaktene forplikta seg til å redusere talet på langtrekkande atomvåpen.

I februar i år trakk Donald Trump USA ut av avtalen fordi han meinte Russland hadde brote vilkåra på fleire punkt. Russland avviser skuldingane, men kunngjorde kort tid etter at dei også ville trekke seg frå avtalen.

– Dette er alvorleg. INF-avtalen har vore ein grunnstein i nedrustingsarbeidet i fleire tiår og no ser vi den forsvinne, sa Stoltenberg til BBC.

Fremvisning av den nye russisk krysserraketten av typen SSC-8.

Skuldingane om brot på INF-avtalen kom frå USA i 2017 etter at SSC-8 skulle ha vorte utplassert i Kapustin Jar. Russland vil ikkje tillate USA å inspisere desse missila fordi USA ikkje tillèt Russland ein tilsvarande inspeksjon på USA sine ubåtar.

Foto: Pavel Golovkin / AP

Nato vil svare

NATO-landa har ikkje planar om å utplassere atomvåpen, men vil svare på ein tilpassa og defensiv måte om Russland ikkje endrar kurs innan 2. august.

Ifølgje Stoltenberg handlar dette om ein bukett av tiltak som fleire konvensjonelle missil, rakettforsvar, fleire militærøvingar og nye nedrustingsinitiativ.

SISTE NYTT

Siste nytt