Hopp til innhold

Stoltenberg: – Verda har ikkje vore farlegare enn no dei siste 30 åra

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg meiner at verda er farlegare i dag enn nokon gong tidlegare sidan han starta sin politiske karriere for 30 år sidan.

Jensd Stoltenberg i Estland.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg i samtale med estiske soldatar på militærbasen Tapa, 120 kilometer frå grensa til Russland.

Foto: Ints Kalnins / Reuters

– Verda er mindre føreseieleg, og situasjonen er vanskelegare fordi vi har så mange utfordringar samstundes. Vi har auken i masseøydeleggingsvåpen i Nord-Korea, vi har terroristar, instabilitet. Og vi har eit meir sjølvsikkert Russland, så verda har blitt farlegare, seier Jens Stoltenberg i eit eksklusivt intervju med den britiske avisa The Guardian .

Bakteppet for intervjuet er at Russland og Kviterussland komande veke innleier ei seks dagar lang militærøving i Austersjøen, det vestlege Russland, Kviterussland og i Kaliningrad. Øvinga har fått namnet Zapad-2017.

Jens Stoltenberg i Estland.

Jens Stoltenberg møtte soldatar i Natos innsatsstyrke på militærbasen Tapa i Estland tidlegare denne veka.

Foto: Ints Kalnins / Reuters

Kaliningrad er ein russisk enklave som ligg inneklemt mellom Nato-landa Litauen og Polen.

Russisk minister om spekulasjoner rundt militærøvelse: – Ingen rot i virkeligheten

– Største sidan den kalde krigen

Øvinga er truleg den største Russland har halde sidan den kalde krigen, og EU og Nato har ikkje fått løyve til å stille med så mange observatørar som internasjonale avtalar gir dei rett til å ha. Nato ventar at rundt 100.000 soldatar, tryggingspersonell og sivile tenestemenn vil delta i øvinga.

The Guardian møtte Jens Stoltenberg på militærbasen i Tapa i Estland, ein tidlegare sovjetisk flybase rundt 120 kilometer frå grensa til Russland.

Den tidlegare norske statsministeren seier likevel at det i dag ikkje er nokon umiddelbar trussel mot Nato-land, og at auken i løyvingane til forsvaret i landa har styrkt alliansen dei siste åra.

Nettsted hevder USA ønsker å bygge hangarer til overvåkingsfly i Norge

– Defensiv mobilisering

Stoltenberg har denne veka besøkt innsatsstyrken til Nato, som er stasjonerte i dei fire medlemslanda Estland, Latvia, Litauen og Polen. Han seier i intervjuet at det han kallar den defensive mobiliseringa til Nato er eit signal til Russland om at eit angrep på eitt Nato-land, er eit angrep på alle.

Demonstrasjon i Minsk i Kviterussland.

Det var i dag ein demonstrasjon i Minsk mot kviterussisk deltaking i militærøvinga Zapad-2017.

Foto: Vasily Fedosenko / Reuters

Han seier at han har tillit til at tryggleiken til dei austeuropeiske medlemslanda i Nato er god nok, men han likar ikkje at Russland ikkje følgjer avtalen om kor mange observatørar Nato kan ha ved ei øving med over 13.000 deltakarar.

– Russland har sagt at det er færre enn 13.000 deltakarar på militærøvinga, men vi har erfaring frå øvingane i 2009 og 2013 at det var fleire enn det, seier Stoltenberg.

Mer NATO-overvåkning i nord – ingen vil si om det skyldes ny russisk ubåt

Diplomatisk om Trump

I intervjuet prøver journalisten å få Stoltenberg til å seie kva han meiner om USAs president Donald Trump og hans seinaste truslar om å bruke militær makt mot Nord-Korea.

Her svarar Stoltenberg diplomatisk at Trump er USAs president, og at han støttar alle forsøk på å kome fram til ei forhandlingsløysing.

SISTE NYTT

Siste nytt