Hopp til innhold

Stoltenberg om å starte opplæring av ukrainske pilotar: – Det er heilt riktig

Førre veke opna Joe Biden for å sende F-16-jagarfly til Ukraina, i tillegg til å starte opplæring av ukrainske pilotar. I dag gir Stoltenberg si støtte.

Stoltenberg

Neste veke skal Stoltenberg lede eit uformelt utanriksministermøte for Nato-landa i Oslo.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / AFP

– Det er heilt riktig å starte trening av pilotar. Krigen trekker ut. Vi må førebu oss på at den vil vare lenge. Det sender eit signal om at Nato-land vil støtte Ukraina lenge, seier generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, til NRK.

Biden har vore klar på at USA ikkje ønsker å sende F-16-fly til Ukraina. I februar sa han i eit intervju med ABC News at Ukraina ikkje treng jagarfly.

Men førre veke snudde han.

Då opna han opp for at G7-landa kan gi det amerikanskproduserte jagarflyet til Ukraina, i tillegg til å love opplæring til ukrainske pilotar.

F-16-fly

Dette er jagarflyet Ukraina ønsker seg.

Foto: AP

Opplæringa er allereie sett i gang i fleire land, mellom anna i Polen, opplyser EU sin utanrikssjef, Josep Borrell. I tillegg har Danmark sagt at dei vil starte opplæring av ukrainske pilotar. Det er enno ikkje bekrefta kva land som vil gi fly.

Usikkert når Ukraina vil få jagarfly

Det er knytt spenning til kven som skal gi jagarfly til Ukraina, og i kor stor grad. Noreg har 57 F-16-fly. 32 av dei er selt til Romania og 12 til USA. Det er uvisst kva som skjer med dei resterande.

– Når det er riktig å sende jagarfly, er det for tidleg å seie noko om, seier Stoltenberg.

Han viser til utviklinga, kor ein starta med å sende lettare utstyr og våpen, til artilleri og luftvern, og no tunge køyretøy.

– Det har vore ei utvikling som speglar at krigen har utvikla seg, og difor har også typen støtte utvikla seg over tid, seier han.

Les også Ukrainsk jagarflypilot om F-16: – Det gir oss moglegheit til å overleve

PÅ VINGENE: Juice har i over ti år floge det sovjetiske kampflyet MiG-29.

Ifølge Stoltenberg er grunnen til at ein no ønsker å gi, at ein ser at militær støtte fører til at Ukraina kan frigjere fleire område.

I gode og dårlege dagar

Neste veke er det Nato-møte i Oslo, med alle utanriksministrane til stades. Der skal mellom anna vidare støtte til Ukraina skal diskuterast.

Stoltenberg er klar på at det framleis er viktig å hjelpe Ukraina med militær støtte:

– Vi støttar dei når det går bra på slagmarka, men også når det går dårleg. Vårt politiske ansvar er å vere der i gode og dårlege dagar for ukrainarane, seier han.

Ukraina inn i Nato

Også Nato-medlemskap står høgt på agendaen på møtet neste veke.

– Det viktige er å sørge for at Ukraina overlever som ein sjølvstendig og demokratisk nasjon Europa. Viss ikkje vi lukkast med det, er det ikkje noko medlemskap å diskutere, seier Stoltenberg til NRK.

Ukraina har lenge uttrykt eit ønske om å bli med i forsvarsalliansen.

Stoltenberg og Zelenskyj i Ukraina

Målet er at Ukraina på sikt skal bli med i Nato.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

– Dette er ei felles avgjerd i Nato. Eg trur at dersom avgjerda om medlemskap var avhengig av Stoltenberg åleine, ville Ukraina vore med i Nato, sa Zelenskyj til NRK i april.

Stoltenberg har fått kritikk for å ha uttrykt ønske om å få Ukraina inn i alliansen frå EU sin utanrikssjef, Josep Borrell.

På spørsmål om dette, svarer Stoltenberg:

– Alle Nato-land meiner at døra står open for nye medlemmar, og alle Nato-land har sagt at Ukraina kjem til å bli medlem av Nato. Diskusjonen handlar om vegen dit.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt