NRK Meny
Normal

Stø «Kurz» mot høgre i Austerrike

Innvandring er den desidert største saka i det austerrikske valet på ny nasjonalforsamling i helga, men er det nok til å endre det politiske landskapet? Det blir opp til den unge politikaren Sebastian Kurz, som stel stemmer frå både høgre og venstre.

COMBO-AUSTRIA-VOTE

TRE MENN KJEMPAR OM REGJERINGSMAKT: Frå venstre, kanslar og leiar for Sosialdemokratane Christian Kern, utanriksminister og leiar for kristendemokratane, Sebastian Kurz og leiar for det høgrepopulistiske fridomspartiet Heinz-Christian Strache. Politikken beveger seg mot høgre, men Kurz har teke stemmer frå både høgre og venstre.

Foto: THIERRY CHARLIER / AFP

31 år gamle Sebastian Kurz har fornya det kristendemokratiske partiet i Austerrike (ÖVP). Han har i tillegg til den tradisjonelle partifargen svart, gjeve logoen eit strøk med turkis.

Og han har knytt det tettare til sin person. Som er populær.

– Han er veltalande og velkledd, han er svigermors draum, fortel journalist i Die Presse, Anna Wallner, som fortel at Kurz stel stemmer frå både høgre og venstre.

Som utanriksminister i koalisjon med sosialdemokratane, har han forfekta ein streng innvandringspolitikk i etterkant av flyktningkrisa.

Og nettopp innvandring har vore den aller viktigaste saka i valkampen, fortel Wallner.

– Kurz har blitt eit alternativ for dei veljarane som vart skremde av dei mange asylsøkarane som kom gjennom Balkan-ruta, men som samtidig ikkje identifiserer seg med det høgrepopulistiske fridomspartiet, fortel Wallner til NRK.

Da Ungarn satte opp et gjerde langs grensa for en måned siden, oppsto det kaos langs grensa mellom Kroatia og Slovenia. Nå er det satt opp busser, tog og teltleire, for å gjøre transporten enklere for flyktningene.
Søndagsrevyen har fulgt en kurdisk familie som har flykta fra byen Qamishli i Syria. De tok gummibåt over Egeerhavet til Lesvos, og kom seg videre med buss til Serbia. Når vi møter dem, er det meste usikkert. Målet er Nederland.

INNVANDRING STØRSTE SAKA I AUSTERRIKE: Valdebattane har i stor grad fokusert på innvandring. Årsaka til dette er dei mange flyktningane og migrantane som kom til Austerrike gjennom den sokalla Balkan-ruta. Denne reportasjen viser reisa til ein syrisk familie frå Syria til Austerrike og vidare til Nederland i 2015.

Koalisjonspartnarar og bitre fiendar

Kurz sitt parti kristendemokratane sit i regjering saman med sosialdemokratane. Dette er ein historisk koalisjon, som har lange tradisjonar.

For sidan andre verdskrigen har austerriksk politikk handla om samarbeid og storkoalisjonar.

Proporz-systemet sikra ein intern maktbalanse langt ned i byråkratidjupet. Stabilitet og fornuft skulle sikre landet etter nazismen og den etterfølgande sovjetokkupasjonen.

Men under denne valkampen har desse to samarbeidspartnarane barka saman i det som blir rekna som ein uvanleg skitten valkamp.

AUSTRIA-ELECTION/

SLIM FIT-RIVALAR: Kurz og Kern sit i regjering saman, men er samtidig bitre rivalar i valkampen. Det har blitt avslørt bruk av skitne metodar med falske nyheitssider på nett. Både Kurz og Kern er velkledde politikarar i slim fit-dressar og gode talegåver.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

Partileiar for sosialdemokratane (SPÖ), og kanslaren i Austerrike, Christian Kern, har blitt kulda for å hyre inn politiske konsulentar, som har oppretta falske Facebook-sider for å sverte sine politiske motstandarar.

Axel Halbhuber

BLOGGAR OG JOURNALIST: Axel Halbhuber er uroa over avsløringane om at det har vore nytta falske nettsider for å angripe politiske motstandarar i valkampen.

Foto: Privat

Det blir til og med hevda dei oppretta ei Facebook-side som sverter sosialdemokratane, for å gje dei sympati, fortel bloggaren Axel Halbhuber til NRK.

– Med dette opna sosialdemokratane ei ny dør, vi i Austerrike ikkje har gått gjennom.

Det politiske landskapet beveger seg mot høgre

Austria Elections

STØ KURZ MOT HØGRE: Christian Kurz legg vekt på arbeidet han har gjort med å regulere straumen av flyktningar frå Midt-Austen som utanriksminister.

Foto: Ronald Zak / AP

Samtidig har begge dei «gamle» partia i Austerrike bevega seg mot høgre. I haust vedtok regjeringa eit burkaforbod, som av mange blir sett på som høgst symbolsk.

– Eg såg ein statistikk der det truleg ikkje er fleire enn 300 personar som går med burka, så det er ikkje noko stort problem i Austerrike, fortel Wallner til NRK.

Men det er viktig å demme opp for framgangen til Fridomspartiet og leiaren deira Heinz-Christian Strache.

I valkampen har Strache åtvara mot islamiseringa av landet.

– Det er skular i Wien der det er fleire muslimar enn katolikkar. Det finst foreiningar og barnehagar og moskear som blir beskytta av grunnlova. Dei finst farlege radikaliserte islamistar, dette er ei farleg utvikling, sa Strache under valkampdebatten torsdag.

Fridomspartiet kan hamne i regjering

Da kontroversielle Jörg Haider og Fridomspartiet gjekk i regjering i år 2000 svarte fleire europeiske land med sanksjonar.

haider minnelund

HAIDERS MINNELUND: Kontroversielle Jörg Haider køyrde seg i hel utanfor Klagenfurt, men Fridomspartiet lever vidare og kan hamne i regjering. Dette er frå minnelunden ved staden der Haider miste livet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Så køyrde han seg i hel utanfor Klagenfurt, men partiet lever vidare.

Sebastian Kurz har ikkje sagt det i klartekst, men i fleire valdebattar har han indikert at han ikkje ser bort frå å samarbeide med fridomspartiet, fortel Wallner.

Og skulle det skje, er det lite truleg at det vil bli nye sanksjonar.

– Men Viktor Orbán som statsminister i nabolandet vårt Ungarn, trur eg det blir vanskeleg å argumentere for sanksjonar mot fridomspartiet, fortel Halbhuber til NRK.

Dirndl koalisjon?

Men det har vore spekulasjonar om valresultatet kan opne for ein sokalla Dirndl-koalisjon, fortel Wallner.

Dirndl er den fargerike folkedrakta for kvinner med djup utringing.

Dirndl

DIRNDL-KOALISJON: Dei som fryktar høgrepopulistane i regjering, har lansert ei løysing der fleire småparti kjem i regjering, og koalisjonen blir like fargerik som folkedrakta dirndl.

Foto: Wikipedia commons

– Ein Dirndl-koalisjon har fargane svart, for kristendemokratane, grønt, for Dei grøne, og rosa for det liberalistiske NEOS partiet, fortel Wallner.

Som legg til at ein kjapt kan hamne i ein situasjon der den vande koalisjonen held fram som før.

Dette trass i all skittkastinga og falske Facebook-sider.

– Da trur eg mange veljarar vil føle seg lurte, fortel Anna Wallner frå Die Presse til NRK.

Men da kan det hende Kurz har teke over jobben som statsminister frå Kern.

Anna Wallner

ANNA WALLNER: Dekker sosiale medium for avisa Die presse. Ho seier at trass alle dei skitne triksa med falske nyheiter og personangrep, så kan ein ende opp med same koalisjon etter valet.

Foto: Privat

Sosialdemokratane i framgang

Dei siste meiningsmålingane viser at Sosialdemokratane går fram, etter å ha vore det tredje største partiet i valkampen.

Sosialdemokratane og Fridomspartiet ligg på rundt 25 5 oppslutning, medan Kurz og kristendemokratane ligg rundt 30 %.

Meir om valet i Urix på laurdag i NRK P2 klokka 11:03.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt