Norsk seglbåt havarerte på Niue i Stillehavet

Ei gruppe på åtte norske seglarar må avbryte drøymeturen i Stillehavet, etter at båten deira fekk store skadar under eit ublidt møte med eit korallrev på øya Niue.

Blue Marble på grunn på revet i Niue.

Det var trist for mannskapet å oppleve at «Blue Marble» vart sitjande fast på revet.

Foto: Karina Lavik

Seglbåten «Blue Marble», ein 46 fots katamaran, har fått så store skadar at han truleg ikkje kan reparerast på Niue . De åtte om bord, som alle er i slutten av 20-åra eller i starten av 30-åra, reknar ikkje med at det er mogleg å halde fram eventyrreisa.

Dei starta frå St. Martin i Karibia ved juletider, og planen var å segle rundt i Stillehavet i heile 2013.

«Blue Marble» på nettet

Gjenoppleving av barndomen

Kaptein Erlend Kjeldsberg Hovland.

Kaptein Erlend Kjeldsberg Hovland bak roret i Stillehavet i august i år.

Foto: Karina Lavik

For kaptein Erlend Kjeldsberg Hovland frå Florø var denne kryssinga av Stillehavet ei gjenoppleving av barnedomen, og oppfyllinga av ein gammal draum. Frå han var fem til han var åtte år gammal reiste han på kryss og tvers i Stillehavet saman med foreldra om bord i galeasen «Svanhild».

Også fleire av dei andre om bord i «Blue Marble» var med på delar av sjøferda med galeasen «Svanhild» i Stillehavet på 1980-talet som born. Mykje av ideen var å møte att menneske og stader dei hugsar frå denne turen.

Mannskapet om bord på «Blue Marble»

No har kapteinen og dei andre innsett at dei mest truleg må avbryte turen, men Kjeldsberg Hovland fortel at det var tungt i byrjinga. No har dei akseptert det som har skjedd, og Kjeldsberg Hovland fortel at stemninga er betre.

Dei har fått god hjelp frå dei lokale innbyggjarane og andre seglarar.

Niue og Longyearbyen

– Etter at vi hadde fått båten på land kom ein japansk-amerikansk mann med namnet Taichi Fox bort til oss. Han tilbaud oss både å låne bilen og huset hans gratis medan han var bortreist. Det viste seg at han eig to sushirestaurantar, ein i Niue og ein i Longyearbyen på Svalbard, seier Erlend Kjeldsberg Hovland til NRK.no.

Blue Marble i Stillehavet.

«Blue Marble» fotografert på Selskapsøyane i Stillehavet i august i år.

Foto: Karina Lavik

I veka som har gått etter at båten havarerte, er det menneska dei har møtt som tidvis har halde motet deira oppe, fortel han.

Det var like etter dei kom til den idylliske stillehavsøya Niue, som høyrer til New Zealand, at ulukka skjedde. Dei norske siglarane fortøydde «Blue Marble» i ei småbåthamn, etter å ha fått forsikringar om at det ikkje var noko problem å fortøye ein såpass stor båt der. Dei fekk til og med tildelt ei ekstra kraftig bøye, som nyleg var overhalt.

På veg mot revet

Så gjekk dei åtte på land for å ete frukost på ein indisk restaurant, og under måltidet fekk dei høyre at ein katamaran hadde slite seg frå fortøyingane og var på veg mot eit rev. Dei fekk låne seg ein lettbåt for å kome seg ut til «Blue Marble», men kom for seint.

Etter ein dramatisk redningsaksjon, der også lokale innbyggjarar og politiet var til god hjelp, greidde dei å få båten til kai og seinare heist opp i ei kran så dei fekk vurdere skadane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det viste seg at skroget hadde fått så store skadar at det nok ville bli vanskeleg å halde fram sjøreisa dei hadde drøymt om å så lenge.

– Det vart felt mange tårer den kvelden. Likevel, når det først skal skje ei ulukke som dette, så er vi letta over at ingen om bord kan lastast for det som skjedde, seier Kjeldsberg Hovland.

Galeasen Svanhild i Florø

Fleire av mannskapet på «Blue Marble» opplevde Stillehavet som born om bord i galeasen «Svanhild».

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det viste seg at sjakkelen i botnen på bøya anten hadde losna eller knekt, men dei er usikre på korleis det kunne skje.

Ventar på forsikringsoppgjer

Erlend Kjeldsberg Hovland reknar med at «Blue Marble» anten blir vurdert som totalvrak eller at katamaranen kan bli selt. Dei ventar no på oppgjer frå forsikringsselskapet slik at dei kan betale for redningsoperasjonen. Først då kan dei forlate den idylliske stillehavsøya.

Dei har innsett at dei kan bli verande ei stund, men er også klare på at dette slett ikkje er den verste staden å vere stranda. Det er ei vakker øy med hyggjelege folk.

Han kan fortelje at dei lokale har fleire idear om kva båten kan brukast til om det blir sal. Ein har snakka om å byggje wifi-antenne av masta, medan resten av båten kan brukast til hytte på land.

– Det kunne vore ei fin avslutning på historia om «Blue Marble» at vi samla kunne kome tilbake hit og overnatte på Blue Marble Inn, humrar kapteinen.

Nokre av mannskapet har fått båtskyss til Tonga med andre siglarar, og det går fly til New Zealand ein gong i veka. Men først må altså det kome ei avklaring med forsikringsselskapet.

SISTE NYTT

Siste nytt