Hopp til innhold

Sterkt møte for kronprinsparet

Kronprinsesse Mette-Marit viste si barnekjære side da ho og kronprinsen vitja ein landsby i Ghana i dag. Det vart eit sterkt møte med vesle Trinity.

Video Sterkt møte for kronprinsparet

VIDEO: Sjå kronprinsparet vitje ein liten ghanesisk landsby.

Der fekk dei også sjå at fattigdom er kvardagen til mange ghanesarar i dag.

Morsinstinktet vakna då vesle Trinity møtte kronprinsesse-blikket. Jenta på snart to år skulle berre på helsestasjonen, men vart i staden sentrum for stor merksemd.

Helsestasjonen i Ekuampano har i seks å arbeidd med familieplanlegging. Talet på fødslar har gått kraftig ned og helsa til både mødre og barn er betre.

Det norske følgjet var invitert for å sjå at sjølv om dei er enkle, fungerer tiltaka som skal hindre sjukdom og død.

Men myggnetta er for dyre for folk her. Mange døyr av malaria og andre sjukdomar det er enkelt å hindre. Fattigdom pregar framleis store delar av landet, som trass dette blir kalla afrikas største suksesshistorie.

Gjestar av slikt kaliber som Ekuampoano hadde i dag blir alltid heidra med hovudplagget duku og nasjonaldrakta Kente. Om kvardagen er fattig og stri, så blir tradisjonane haldne i hevd.

LES OGSÅ: Kronprinsen fikk være konge i Ghana

LES OGSÅ: Kronprinsparet på plass i Ghana

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt