Det vart for mykje for denne kvinnelege soldaten. (Foto: AP/Scanpix)
Ein kvinneleg israelsk soldat måtte hjelpast bort av medsoldatar. Det vart rett og slett for mykje for henne. Tårene rann, og ho måtte setje seg for seg sjølv for å la kjenslene få utløp.
Ho makta ikkje presset med å bli utskjelt av dei ho skulle evakuere. Skjellsorda hagla mot soldatane, og dei vart kalla både lakeiar for fienden og nazistar.
For mange av busetjarane var det også sterke kjensler i sving. Augevitne fortel om gråtande menneske utanfor husa i busetjinga i Neve Dekalim. Mange av dei yngre har aldri hatt nokon annan heim enn denne busetjinga, og det gjer det ekstra tungt å måtte reise.
Israelsk fjernsyn melder også at ei kvinne i det sørlege Israel har sett fyr på seg sjølv i protest mot tilbaketrekkinga. Ho vart sendt til sjukehus med alvorlege skadar. Kvinna er busetjar på Vestbreidda, blir det opplyst.
Denne unge busetjarkvinna greidde ikkje meir. Ho braut saman i krampegråt. (Foto: AP/Scanpix)
Det er ikkje mange av busetjarane som har noko positivt å seie om statsminister Ariel Sharon. Han blir kalla det eine verre enn det andre, og at han med overlegg øydelegg tryggleiken til det israelske folket.
Soldatane får høyre at dei er viljelause tenarar for Sharon, og at dei er medskuldige i at Israel no blir endå meir utsett for terror.
Det er førebels ikkje meldt om alvorlege valdsepisodar i samband med tvangsevakueringa av Gazastripa, men det er mange mindre drama som utspelar seg.
Ei kvinne i busetjinga Ganei Tal har forskansa seg inne i huset sitt, og ho truar med å gjere sjølvmord dersom soldatane kjem inn i huset.
- Nå må du ta til vitet og bli med, seier soldatane til denne unge kvinna.(Foto: AFP/Scanpix)