Hopp til innhold

Stengjer ikkje ambassaden i Teheran

Utanriksminister Jonas Gahr Støre seier det ikkje er aktuelt å stengje den norske ambassaden i Teheran permanent, trass i angrepet på den britiske ambassaden i byen i går.

Angrep på den britiske ambassaden i Teheran.

Storminga av den britiske ambassaden i Teheran i går har ført til diplomatisk krise mellom Storbritannia og Iran.

Foto: ATTA KENARE / Afp

Jonas Gahr Støre

– Ikkje aktuelt å stengje den norske ambassaden i Teheran, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Den norske ambassaden i Teheran har vore delvis stengd i dag, men blir truleg opna igjen torsdag. Storbritannia har trekt sine diplomatar ut av Iran etter storminga av ambassaden i går, og landet har gitt iranske diplomatar i Storbritannia ordre om å forlate britisk jord i løpet av 48 timar.

– Viktig med diplomatisk nærvær

– Frå norsk side meiner vi at det er viktig så langt som mogleg å oppretthalde eit diplomatisk nærvær, seier Jonas Gahr Støre.

Tyskland, Frankrike og Italia har kalla heim sine ambassadørar i Iran for konsultasjonar, men italienske styresmakter opplyser i ettermiddag at dei vurderer å stengje ambassaden sin i Teheran etter det som har skjedd.

Storbritannias ambassade kjem til å halde stengt framover, men det blir understreka av britisk UD at det framleis skal vere ein viss diplomatisk kontakt mellom dei to landa. Det blir ikkje utdjupa korleis dette skal skje.

Møtte Hague i London

William Hague

Storbritannias utanriksminister William Hague.

Foto: KERIM OKTEN / Afp

Utanriksminister Jonas Gahr Støre møtte i dag sin britiske kollega William Hague i London, der han fekk ei orientering om det som skjedde ved den britiske ambassaden i Teheran i går.

– Hague har gitt meg ei oppdatering på situasjonen. Det er snakk om ein sterk mistillit mellom Iran og verdssamfunnet, sa Støre til NTB i etter møtet.

William Hague meiner at storminga av den britiske ambassaden aldri kunne ha funne stad utan medverknad frå det iranske regimet. Demonstrantane har klare koplingar til regimet, seier han. Han krev også at iranske styresmakter straffar dei ansvarlege bak ambassadeangrepet.

Dette stemmer med mange eksil-iranarar og regimekritikarar har sagt om det som skjedde i går. En norsk-iranar busett i Trondheim er heilt klar på at iranske styresmakter sjølve står bak ambassade-angrepet .

LES OGSÅ: Iran straffer Storbritannia

SISTE NYTT

Siste nytt