Israel stengjer av byar på Vestbreidda. (Foto:EBU)
Seint måndag kveld stengde den israelske hæren av byane Ramallah, Betlehem, Nablus, Hebron, Jeriko, Qalqilya, Jenin og Tulkarem på Vestbreidda. Årsaka til stenginga er drapa på fire israelarar måndag ettermiddag.
Berre humanitær hjelp og mat vil sleppe gjennom desse sperringane. Hæren har styrkt nærværet sitt på heile Vestbreidda, opplyser ein talsmann for hæren til nyheitsbyrået AFP.
Angrep frå bil
Ei israelsk kvinne vart drepen då bilen ho sat i vart angripen av ei gruppe væpna palestinarar som skaut mot henne frå ein møtande bil. Kvinna var lærar ved ei jødisk busetjing i nærleiken av Ramallah.
To andre israelarar vart skotne og drepne då bilen deira vart angripen av palestinarar ikkje langt frå der det første angrepet skjedde. Her skal åtte israelarar vere skadde.
Det skal ha blitt skote mot fleire israelske bilar i nærleiken av den jødiske busetjinga Ofra, som ligg nord for Ramallah. Det vart også skote mot ein bil med israelske soldatar, og augevitne fortel at fleire vart skadde. Dette er ikkje stadfesta av den israelske hæren.
Tidlegare i dag vart to palestinske tenåringar skotne og drepne av israelske soldatar i samanstøytar i byen Khan Younis i Gaza. Fleire personar skal vere skadde i uroa, melder nyheitsbyrået AFP.
I kveld vart ein israelar skoten og drepen etter å ha blitt skoten av palestinarar nær grenseovergangen Kissufim mellom Israel og Gaza, melder israelsk fjernsyn. Det vart skote mot bilen hans då han passerte grenseovergangen.
Skyting
Det har vore skyting mellom israelske soldatar og væpna palestinarar fleire stader i kveld, og ein palestinsk politimann vart skoten og drepen av israelske soldatar i byen Qalqilya på Vestbreidda.
Ein 19 år gammal palestinar døydde i dag av skadane han fekk i samanstøytar med israelske soldatar i Gaza laurdag. 19-åringen er nevø av den palestinske tryggingssjefen Mohammed Dahlan.
Statsminister Ehud Barak var i går kveld norsk tid i Chicago, etter at han møtte USAs president Bill Clinton i går. Ein talsmann for Barak seier at Clinton har kravd at Yasir Arafat skal redusere valdsbruken i dei okkuperte områda.
Terror
Ein israelsk general skuldar det palestinske politiet for å oppmode til terroraksjonar mot israelske statsborgarar.
General Yitzhak Eitan, kommandør for dei israelske styrkane på Vestbreidda, sa at palestinarane som drap fire israelarar tidlegare i dag rømde inn i palestinsk-styrte område, og at det palestinske politiet ikkje har gjort noko for å finne dei.
- Drapsmennene blir støtta av dei palestinske leiarane i å drepe så mange israelarar som mogleg. Dette gjer dei palestinske styresmaktene til ansvarlege for slike handlingar, sa Eitan.
Over 200 menneske er drepne sidan det palestinske opprøret starta i slutten av september.