Hopp til innhold

Stenger del av Sellafield-anlegget

600 personar må bytte jobb når Sellafield legg ned delen av fabrikken som lagar atombrensel.

Sellafield kjernekraftverk

Brenselsfabrikken ved Sellafield-anlegget stengjer ned.

Foto: Sabine Vielmo / Scanpix

Brenselsproduksjonen ved Sellafield-anlegget blir lagt ned frå onsdag ettermiddag, og 600 tilsette misser jobben, melder britiske The Guardian.

Stenginga skjer som ein konsekvens av det som skjedde ved i japanske Fukushima-anlegget etter jordskjelvet og tsunamien i mars.

Arbeidarane fekk denne beskjeden onsdag morgon, og stenginga vart gjort offentleg klokka 15.30.

Har ikkje fleire kundar

Ifølgje tilsynsmyndigheita for sivile atomkraftanlegg NDA skjer dette etter mange år med skuffande resultat.

Nøkkelen til å prøve å halde denne fabrikken gåande dei siste åra, har vore avtalen med japanarane, ifølgje administrerande direktør Tony Fountain i NDA.

Når fabrikken no stenger, er det som ein direkte konsekvens av det som skjedde i Japan.

– Årsaken til stenginga er direkte knytt til dei tragiske hendingane i Japan etter tsunamien, og det som seinare har skjedd i marknaden. Konsekvensen av det som skjedde, er at vi ikkje har kundar, seier Fountain.

– Fiasko frå dag ein

Nils Bøhmer

Daglig leder i Bellona, Nils Bøhmer, er ikkje overraska over nedlegginga.

Foto: Bellona

Fabrikken har kosta britiske skattebetalarar over ti milliardar kroner sidan starten tidleg på 1990-talet, men har ifølgje dagleg leiar Nils Bøhmer i Bellona knapt nok produsert brensel.

– Fabrikken har vore ein fiasko frå dag ein, seier han til NRK.no.

Fabrikken vart bygd i 1996, og vart teken i bruk frå 2001. Bøhmer er ikkje overraska over stenginga, men han meiner det som skjer no er godt nytt.

– Eg trur dei telte på knappane allereie før Fukushima-ulykka. Når dei no stengjer, betyr jo det at fabrikken ikkje lenger produserer denne type brensel. Då er det større sjanse for at heile anlegget kan stenge på sikt, seier han.

Det vil ta fleire månader før heile fabrikken er stengd, og dei tilsette skal få tilbod om omplassering til andre deler av anlegget. Til saman er det omlag 10.000 er tilsette ved heile anlegget.

Thorbjørn Berntsen

Tidlegare miljøvernminister Thorbjørn Berntsen reagerte kraftig på Sellafield-anlegget.

Foto: NRK

I mars gjorde fleire vestlandspolitikarar det klart at dei ønskte at staten skulle kreve betre tryggleik på Sellafield.

– Verre enn Tsjernobyl

Nestleiar i Venstre, Helge Solum Larsen, ønskte å stenge heile anlegget .

Ei ulykke ved Sellafield kan bli verre for Noreg enn Tsjernobyl-ulykka i 1986, har Statens strålevern åtvara.

Det kan komme inntil 50 gonger meir radioaktivt nedfall over Noreg enn det som var tilfellet i det hardast råka området etter Tsjernobyl, meinte dei i 2009.

Tidlegare miljøvernminister Thorbjørn Berntsen kalte sin britiske kollega John Gummer for «dritsekk» i 1993 på grunn av anlegget.

SISTE NYTT

Siste nytt