Dette gjorde dei for å straffe ein lokal borgarmeister som ikkje ville støtte Christie.
Bridget Kelly, tidlegare stabssjef hos Christie og Bill Baroni, tidlegare visedirektør for hamnestellet i New York og New Jersey, vart funne skuldige på alle tiltalepunkta av ein domstol i Newark.
Dei vart dømde for svindel, konspirasjon og for å ha krenka dei sivile rettane til innbyggjarane i Fort Lee i New Jersey, byen der borgarmeisteren altså nekta å støtte Chris Christie sin kamp for å bli valt til ein ny periode som guvernør.
La korta på bordet
Dei to vart dømde etter mannen som truleg stod bak heile ideen, David Wildstein, la alle korta på borda og fortalde korleis dei tre hadde stengt ned brua for å straffe borgarmeisteren i Fort Lee, Mark Sokolich.
Forsvararen prøvde å overtyde dommarane om at Kelly og Baroni var uvitande om planen, og dei vart dregne inn i saka av Wildstein. Aktor sa på si side at desse påstandane frå forsvararen var absurde.
Sokolich høyrer til i Det demokratiske partiet, medan Chris Christie representerer Det republikanske partiet.
David Wildstein var aktoratet sitt stjernevitne i rettssaka, og han fortalde i detalj om korleis dei tre planla og gjennomførte det som skulle vere ein hemnaksjon mot Sokolich.
Kelly og Baroni seier at dei ikkje visste at brustenginga var ein hemnaksjon, men at dei trudde at det var for å gjennomføre ei trafikkteljing.
«Bridgegate»
Chris Christie var ein av dei første av dei sentrale politikarane i Det republikanske partiet som gjekk ut med
. Skandalen rundt det som blir kalla «Bridgegate», har kraftig svekt Christies ambisjonar om ein nasjonal politisk karriere.Han prøvde blant anna å bli nominert som Det republikanske partiet sin presidentkandidat, men han hadde ingen sjanse. Det vekte oppsikt då han gav støtte til Trump, og det vart spekulert i om dette var eit trekk for å bli vurdert som visepresidentkandidat.
Han har vorte skulda for å ha brukt hamnevesenet, som også har ansvar for bruene, til å lønne folk han meinte fortente det, og som straff for dei han meinte fortente det.
Trafikkaos i fleire dagar
Det var i oktober 2013 at dei tre som no er dømde stengde fleire filer på George Washington-brua mellom New Jersey og New York. Brua er rekna for å vere den mest trafikkerte i verda.
Trafikkaoset varte i fleire dagar, og fleire hundre tusen pendlarar kom seg ikkje på jobb.
Chris Christie var ikkje tiltalt i saka, men alle dei tre som gjennomførte planen har sagt at
.