NRK Meny
Normal

Stemte på veg til føderommet

Galicia Malone slo to fluger i ein smekk. Ho gav sin stemme i presidentvalet medan ho var på veg til sjukehuset for å føde.

valg USA

Mange stemte på valdagen i USA, men Galicia Malone frå Ohio trossa fødselssmerter for å kaste sin stemme i stemmeboksen.

Foto: Marc Piscotty / Afp

– Dette er min fyrste baby, ei jente, og eg ville gjere eit godt inntrykk. Eg vil ha ei historie å fortelje ho, seier fyrstegongsveljar Galicia Malone frå Dalton, Ohio.

21-åringen hadde ikkje termin før 10. november, men babyen ville tydelegvis få med seg valet, og bestemte seg for å kome litt tidlegare.

Dermed måtte Malone innom vallokalet tysdag morgon, etter at vatnet hennar hadde gått og ho hadde fem minutt mellom riene, melder NBC.

– Tek av meg hatten

Galicia Malone

Galicia Malone frå Dalton, Ohio tok turen innom vallokalet medan fødselen hennar var i gang.

Foto: Faksimile NBC Chicago

– Hadde berre alle veljarane vore så fast bestemte på å stemme, seier David Orr i lokaladministrasjonen i Cook County.

– Eg tek av meg hatten for Galicia for å ikkje lata noko hindre ho i å gi sin stemme, og for å gå føre med eit godt eksempel, særleg for sin nye dotter eller son, seier han.

Stemte på Obama

Sjølv om Malone personleg er mot abort, er ho einig med presidenten i at kvinner bør få ta sine eigne val, og enda difor opp med å stemme på Obama.

– Eg er meir einig med politikken hans enn med Romney sin. Eg vaks opp med Sesam Stasjon og Public Broadcasting Service. Han vil kutte det. Kva skal dottera mi sjå på medan ho veks opp?, spør Malone.

Ho siktar til utspelet frå Romney om at den ikkje-kommersielle kringkastaren i USA ikkje bør få støtte meir.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt